Bondeboka

bondeboka.no

Alt om regelverk, lovverk og ordningar du bør kjenne til

Kva skal du med Bondeboka?

 

Bondeboka gjev deg ei oversikt over viktige spørsmål knytt til å eige og drive ein gard. Vi har systematisert bondeboka ut frå sentrale tema i bondekvardagen, og på ein slik måte at du raskt finn fram til det du ønskjer å vite meir om. Mykje av innhaldet gjeld landbruket i Hordaland, og har vore etterspurt av både forvalting og bønder i fylket vårt.

 

Vi ønskjer deg lukke til med det gode og viktige arbeidet du gjer på garden din.

 

 

Med venleg helsing

 

landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland,

februar 2017

 

Kva er spesielt med

landbruket i Hordaland?

I Hordaland er husdyrproduksjon, som kumjølk og lammekjøt, dei største produksjonane. Hardangerregionen er eit av dei beste områda for fruktdyrking i landet, og i nokre kommunar er det stor produksjon av svinekjøt. Mykje av produksjonsskogen i Hordaland er granskog frå skogreisingstida, og er snart klar for hogst.

 

Grovfôrproduksjon er størst

Mykje nedbør og små gardar med bratt terreng i deler av fylket set rammer for kva produksjonar som eignar seg i Hordaland. Mest alt jordbruksarealet vert nytta til grovfôrproduksjon. I tillegg er det noko fruktareal. Svinekjøt, egg og fjørfe er basert på kraftfôr som innsatsfaktor og kan produserast nær sagt kor som helst, så lenge det er tilgang til spreieareal.

 

Berre fantasien set grenser

Det er mange høve til næringsaktivitet, med utgangspunkt i landbrukseigedomar. Mange føretak satsar på reiselivsbaserte produkt som overnatting og opplevingar, smaksrike kjøtprodukt eller ostar, foredling av frukt og sider, anna matforedling eller Inn på tunet. Berre fantasien set grenser for kva ein kan gje seg i kast med.

Dei aller fleste gardbrukarane i fylket har annan jobb utanom det å vere bonde. Berre 7 prosent av dei rundt 3 000 gardbrukarar i fylket får meir enn 90 prosent av inntekta si som næringsinntekt frå jordbruk.

 

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.