Gardskart

Gardskart

 

Gardskart på Internett gjev det beste kartgrunnlaget som er tilgjengelig for din eigedom.

 

Gardskart på Internett viser kart over arealressursar, og reknar ut arealtal for ein valt landbrukseigedom. Hovudmålgruppa for tenesta er landbruksforvaltninga og eigarar/brukerar av ein landbrukseigedom.

 

Gardskartet inneheld mykje informasjon, henta frå ulike kjelder.

  • Gards- og bruksnummer for landbrukseigedomen vert henta frå grunneigedomstabellen hos Landbruksregisteret. Endringar kommunen gjer i Landbruksregisteret vil vere synlege i gardskartet neste dag.
  • Eigedomsgrensar for den/dei eigedomane ein søkjer på vert henta frå Matrikkelen.

 

Endringar kommunen gjer i eigedomskartet i Matrikkelen vil vere synlege i gardskartet same dag.

  • Arealtypane i AR5 (Arealressurskart i målestokk 1:500 m) vert henta frå NIBIO. Endringar kommunen gjer i AR5 vil vere synlege i gardskartet når kommunen har levert oppdateringar (1-2 gonger i året)

 

 

 

 

 

For lettare å kjenne seg igjen, kan ein velje mellom ulike grunnkart og flyfoto (ortofoto) som bakgrunn.

 

Det er tilrettelagt for ein enkel utskriftsfunksjon som presenterer eigedomen saman med arealklassane, arealtal og teiknforklaring. Kartet kan skrivast ut i både A4- og A3-format, og i ulike målestokkar.

 

Stemmer ikkje kartet?

Areal endrar seg som regel med tida. Enkelte område gror att, andre vert oppdyrka, areal skiftar eigar, grenser vert endra, nye vegar kjem til eller gamle vert fjerna. Det kan også oppstå feil i produksjonsprosessen. Gardskartet vil vere eit grunnlag for å avdekkje og rette opp slike feil. Sjekk kartet ditt grundig, sjekk også andre eigedomar du disponerer – det er ikkje sikkert eigaren gjer det. Gje melding til kommunen snarast, dersom du oppdagar feil.

 

Kart i produksjonstilskot

Frå 2018 er gardskartet grunnlag for produksjonstilskot. Det er difor viktig at kartet er rett, med eigedomsgrenser og rett skilje mellom dyrka jord, innmarksbeite, skog, tun og anna.

 

Nytt i gardskart er at driftssenter-koordinatane i Landbruksregisteret er kopla mot driftsbygningen. I praksis er det derimot kopla mot våningshuset i mange kommunar. Er driftssenter-koordinatane dine plassert på feil bygning, kan du melda frå til kommunen og dei vil endre det til rett bygning.

 

Gå rett til gardskartet for din eigedom her.

 

Les meir om tenesta hos NIBIO her

 

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.