Naturskade, erstatning og forsikring

Naturskade, erstatning og forsikring

 

Erstatning

Når klimatilhøve gjer skade i plante- eller i honningproduksjonen kan ein søkje om erstatning for tapet. Det er vilkår om at ein har gjort nødvendige tiltak for å unngå skaden, og utbetalingane vert gjort ut frå faste satsar. Desse dekkjer oftast ikkje heile tapet. Dekkesystem over frukt og bær vert ikkje dekka av erstatningsordninga, sidan slike tiltak er mogleg å forsikre.

Det er også erstatningsordningar som dekkjer arbeid og tap når Mattilsynet gjev pålegg om sanering i planteproduksjonen eller slakting i dyrehaldet. Årsaka til slike pålegg er å stansa farlege skadegjerarar. Desse erstatningane dekkjer størstedelen av tapet og meirarbeidet, men ekstra oppgradering til betre standard enn før saneringa må gardbrukaren dekkje sjølv.

Når husdyr vert drepne eller skadde av freda rovvilt kan husdyreigaren få erstatning. Tapa må vere dokumenterte, noko som krev at ein raskt tek kontakt med Statens Naturoppsyn når ein finn kadaver. Det er også krav om at ein har gjort tiltak for å unngå tap, og at drifta er i tråd med dyrevelferdslova, til dømes med tilstrekkeleg tilsyn.

 

Les meir på nettsidene til Fylkesmannen i Hordaland.

 

Naturskade

Etter naturulykke som gjer skade på til dømes vegar og murar kan ein søkje om naturskadeerstatning. Dette kan gjelde skade etter storm, springflo, flaum eller skred. Frå 2017 skal ein søkje om naturskadeerstatning elektronisk til Landbruksdirektoratet, ikkje til lensmann eller politi. Ein må avgrense faren for skade, til dømes sjekke at grøfter og stikkrenner langs veger er opne og har god kapasitet, utføre jamleg vedlikehald, forsikre det som er mogleg å forsikre og vurdere om det er behov for oppgradering av anlegg for å møte klimaendringane.

 

 

 

 

Forsikring

Nokre forsikringar er lovpålagde, slik som yrkesskadeforsikring for tilsette, men dei fleste er frivillige. Du bør bruke tid for å finne ut kva forsikringar som kan vere aktuelle for deg.

 

Forsikring av skog

Meir ekstremvêr aukar risikoen for skogskader. Samstundes vert skogen vår eldre og høgare, og meir utsett for vindfellingar. Statens Naturskadefond dekkjer ikkje lenger storm- og brannskada skog. Storm og brann kan gje store tap for skogeigar og samfunnet. I dei siste åra har orkanane Dagmar og Nina øydelagd mykje skog på Vestlandet. Trass i store kostnadar for opprydding og tap av verdiar, er berre ein mindre del av skogarealet i Hordaland skogforsikra. Pris for stormforsikring er 0,2 – 1,8 kroner per dekar, avhengig av landsdel og bonitet. Om ein har 250 dekar med skog vert prisen om lag 450 kroner kvart år. Skogfond med skattefordel kan nyttast ved betaling av forsikringspremien. Kontakt forsikringsselskapet Skogbrand for meir informasjon.

 

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.