Offentleg og fagleg rådgjeving

Offentleg og fagleg rådgjeving

 

Om du skal få hjelp må du vere aktiv for å få svar på spørsmåla dine. Her er ei kort rettleiing til kven som kan bidra med råd og hjelp til bonden. Lista er ikkje uttømande. For å få god fagleg rådgjeving må du ofte betale ein timepris. Hugs at gode råd ofte gjev deg betre inntening.

 

Offentleg rådgjeving – kven gjer kva i forvaltinga?

Kommunen er den offentlege rådgjevingstenesta som er nærast bonden. Kommunen har omfattande kunnskap på mange område, og kan mellom anna rettleie om tilskot og erstatningar i landbruket og om etablering og regelverk. Kommunen gjer vedtak om tilskot og kan gje ulike typar løyve i gardsdrifta. I andre saker kan kommunen tilvise til andre som kan hjelpe. Saker som er regulerte av statlege lovverk og reglar vert vedtekne administrativt i kommunen. Lokalpolitikarane si oppgåve er å handsama sakar innanfor kommunale saksområde, og å fremja næringsutvikling i landbruket.

 

Fylkesmannen i Hordaland skal hjelpe kommunane, kontrollere kommunane og bidra til positiv utvikling i landbruket. Fylkesmannen er del av staten, og skal sørgje for at nasjonal politikk vert gjennomført i fylket, mellom anna på landbruk- og miljøsida. På enkelte spesialiserte fagfelt kan Fylkesmannen bidra direkte til gardbrukarar og produsentmiljø som vil utvikle drifta, til dømes innan lokalmat og Inn på Tunet-verksemd. Fylkesmannen er i mange tilfelle klageinstans for vedtak som er fatta av kommunen. Nokre typar tilskot eller løyve vert forvalta direkte av Fylkesmannen, til dømes velferdsordningane, erstatning om offentleg pålegg og tilskot til utvalde naturtypar.

 

Hordaland Fylkeskommune har mellom anna tilskotsmidlar til næringsutvikling, klimatiltak og kompetanseutvikling i landbruket generelt. Elles kan dei, til dømes gje, råd om skjøtsel rundt automatisk freda kulturminne og bidra til betre hjorteforvalting i kommunen. Fylkeskommunen er ikkje styrt av staten, men er eit folkevalt organ på regionalt plan.

 

Mattilsynet følgjer opp regelverk som går, mellom anna, på dyrevelferd og farlege sjukdommar hos plantar og dyr. Dei skal sikre trygg mat og trygt drikkevatn til forbrukarane, og set difor ulike krav til drifta.

 

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet er støtte- og utgreiingsorgan for tilsvarande departement. Landbruksdirektoratet handsamar også klager på vedtak fatta av Fylkesmannen. Direktorata har også nokre tilskotsordningar som kan vere aktuelle for gardbrukaren å søkje på, til dømes innan klima, miljø, biogass, genressursar og naturforvalting.

 

Innovasjon Noreg har tilskotsmidlar til investeringar og utvikling av føretaket.

 

Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker etter jordskifteloven. Jordskifteretten kan klarleggje rettstilhøve til fast eigedom og omforme eigedomar og rettar knytt til mellom anna veg og beite.

 

 

 

 

 

Fagleg rådgjeving

Ofte kan du få hjelp og meir kunnskap ved å spørje ein bondekollega om råd. Har du behov for meir fagleg rådgjeving bør du kontakte ein fagrådgjevar. Der du leverer plante- eller husdyrprodukta dine vert det som oftast også tilbydd fagleg rådgjeving. Leverandører av fôr og utstyr i landbruket bidreg også gjerne med faglege råd. I tillegg tilbyr Norsk landbruksrådgiving rådgjeving på mange felt.

 

TINE Rådgiving og Medlem tilbyr fagleg rådgjeving innan ein rekkje fagfelt til mjølkeprodusentar. TINE har og ansvar for oppfølging av geite- og kukontrollen.

 

Dei fleste store slakteria tilbyr fagleg rådgjeving, med vekt på kjøtproduksjon. Rådgjevaren på slakteriet kan også hjelpe deg med registreringar i husdyrregisteret, sauekontrollen med meir.

 

Norsk Landbruksrådgiving Vest tilbyr uavhengig fagleg rådgjeving innan ein rekkje fagtema, som til dømes grovfôrdyrking, frukt og bær, gjødsling, plantevern, HMS, økonomi, næringsutvikling og landbruksbygg.

 

Vestskog SA driv tømmeromsetnad, skogbruksplanlegging, vegplanlegging og rådgjeving innan bioenergi.

 

Rekneskapskontor kan også bidra med gode råd.

 

Faglaga

Som bonde kan du melde deg inn i eit faglag. Faglaga jobbar for å betre bonden sine villkår. Som medlem i eit faglag vil du få faglaget sine tidsskrift og du får høve til å delta på interessante medlemsmøte. Du kan sjølvsagt også vere medlem i eit faglag utan å vere bonde.

 

Hordaland Bondelag

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Hordaland Sau og Geit

Hordaland Gartnerlag

Lokale birøktarlag

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.