Rekneskap og skatt

Rekneskap og skatt

 

Utfyllande informasjon finst på www.skatteetaten.no og www.altinn.no, mellom anna under menyen Starte og drive bedrift.

 

Rekneskapsplikt

Dei fleste enkeltpersonføretaka i landbruket har avgrensa rekneskapsplikt. Ein slepp då å utarbeide fullstendig årsrekneskap til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. Føretak som har full rekneskapsplikt er mellom anna alle aksjeselskap, enkeltpersonføretak med over 20. mill. kr i eigendelar, samvirkeføretak med meir enn 2 mill. kr i salsinntekt og ansvarlege selskap med fleire enn 5 deltakarar. Når ein har rekneskapsplikt, har ein normalt også revisjonsplikt.

 

Næringsoppgåve

Dersom enkeltpersonføretaket har brutto driftsinntekt over kr 50 000 i løpet av ein 12-månaders periode er du pliktig å registrere deg i meirverdiavgiftsregisteret.

Næringsoppgåva skal leverast uavhengig av kor stor omsetning du har og om føretaket er i drift eller ikkje, så lenge det vert vurdert som verksemd. Næringsoppgåva inneheld resultatrekneskap og balanse, i tillegg skal skjema for utrekning av personinntekt leverast.

Næringsoppgåva må vere basert på rekneskap, med dokumentasjon (bilag/kvittering) som fyller krava i lova. Det er ikkje krav til å ha rekneskapsførar til å hjelpe deg med rekneskapen. Du har uansett sjølv ansvar for at rekneskapen er korrekt.

 

Bokføringsplikt

Alle som leverar næringsoppgåve og/eller omsetningsoppgåve for meirverdiavgift (mva) har bokføringsplikt. Dette inneber at du må føre rekneskap etter reglane i bokføringslova og bokføringsforskrifta, til dømes med løypande bokføring, dokumentasjon/bilag, spesifikasjon og oppbevaring av rekneskapsopplysningar.

Enkeltpersonføretak som ikkje er registrert i meirverdiavgiftsregisteret, og med brutto driftsinntekt under kr 50 000, kan vere friteke for levering av næringsoppgåve. I så fall har du heller ikkje bokføringsplikt. Du må likevel dokumentere alle inntekter og kostnadar, og oppbevare dokumentasjon etter reglane i bokføringslova. Rekneskapen kan vere nødvendig dokumentasjon for tilskot, erstatningar og anna.

 

 

 

 

 

Bilag

Kostnadar og inntekter skal, i følgje rekneskapslova, vere kopla til bilag. Bilag kan vere ei kvittering, ein faktura, ein rekning eller ein nota. Alle bilag må innehalde nummer, dato, namn på seljar og kjøpar, type og omfang av vara/tenesta, tidspunkt og stad for levering, vederlag, forfall og eventuelle avgifter (mva).

 

Faktura

Etter at du har levert ei vare eller teneste skal du sende ut faktura snarast mogleg, og seinast etter ein månad. Fakturaen skal innehalde fakturanummer, namn og organisasjonsnummer på føretaket ditt, namn eller organisasjonsnummer til kunden, dato for fakturering, forfall, type teneste og sum. Dersom du er registrert i meirverdiavgiftsregisteret, skal du spesifisere meirverdiavgifta på fakturaen. Det er eit absolutt krav at det står MVA med store bokstavar etter organisasjonsnummeret ditt. Fakturanummeret skal anten vere førehandsnummerert eller generert elektronisk i eit datasystem. Dersom det er feil på ein faktura du har laga, skal han ikkje kastast. Du må lage ein kredittnota på den delen av beløpet som er feil. Dei fleste føretak i landbruket er berre registrerte i einingsregisteret i Brønnøysundregistra. Dei som vel å registrere seg i føretaksregisteret i tillegg, må skrive Føretaksregistrert på fakturaen.

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.