Andre produksjonar, tilleggsnæring og anna næring

Andre produksjonar, tilleggsnæring og anna næring

 

Ein landbrukseigedom kan vere eit godt utgangspunkt for næringsverksemd som ikkje kjem direkte inn under jordbruk eller skogbruk. Det er vanleg å skilje mellom tilleggsnæring og anna næring. Skiljet går mellom kva som kan tilskrivast garden og eigedomen og kva som ikkje gjer det.

 

Tilleggsnæring er verksemd bygd på garden sine ressursar. Det er produksjon av varer og tenester, der du nyttar føretaket og eigedomen til anna enn jordbruk og skogbruk.

Det kan vere maskinkøyring, brøyting, foredling av matvarer, gardsrestaurant, utleige av rom og hytter, velferdstenester, småkraftverk, sal av ved, osb.

 

Anna næring er næring du driv med i tillegg til jordbruksføretaket, og som ikkje er avhengig av gardsdrifta. Det kan vere eit transportbyrå, ein maskinstasjon, ei konsulentteneste, osb.

 

 

 

 

 

 

Det er eigne støtteordningar for tilleggsnæringar. Ein kan søkje om eigne midlar frå Innovasjon Noreg til investeringar.

 

Inntekta frå tilleggsnæring kan inngå i jordbruksinntekta til føretaket.

 

I Hordaland er mange eigedomar for små for å drive heiltidsjordbruk. På mange gardar skapar tilleggsnæringar større økonomisk gevinst enn den tradisjonelle landbruksdrifta. Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling av landbruksbaserte næringar.

 

Innan tilleggsnæringar finst det ulike tilskot, særleg gjennom Innovasjon Noreg sine ordningar. Hugs å utarbeide ein god forretningsmodell.

 

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.