Mjølkeproduksjon

Mjølkekvote

 

Alle som produserer mjølk må ha mjølkekvote, anten du leverer til meieri eller foredlar sjølv. Kvotesystemet vert regulert av Landbruksdirektoratet. Du må søkje om kvote for å starte opp med mjølkeproduksjon, eller gjere om vanleg kvote til foredlingskvote. Det er mogleg å kjøpe kvote anten frå staten eller frå ein annan bonde, begge gjennom omsetningsrunde med frist i oktober. Eig du grunnkvoten (30.000 liter kumjølk eller 15000 liter geitemjølk), kan du i tillegg leige kvote hos private.

 

Det er berre mogleg å starte opp med geitemjølkeproduksjon i kommunar der det er geitemjølkkvote frå før.

 

 

 

 

Mjølk som vert omsett utanfor eller utover kvote, vert pålagt overproduksjonsavgift.

 

Kvart år vert det forhandla om eit forholdstal for mjølkekvotene. Det er faglaga og Tine som forhandlar med staten om meir eller mindre mjølkeproduksjon i forhold til kvotane. For 2017 er forholdstalet satt til 0,98 for kumjølk og 0,97 for geitemjølk. Denne forhandlinga vert gjort for å regulere produksjon av meieriprodukt i forhold til etterspurnad i marknaden.

 

Les meir om mjølkekvoter, skjema og regelverk hos landbruksdirektoratet.

 

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.