Minsteproduksjon mjølk

Minsteproduksjon mjølk

 

Eit av grunnkrava for å få tilskot til jordbruksdrift er at ein driv vanleg jordbruksproduksjon. Det vil seie at ein må ha eit visst produksjonsvolum i forhold til det føretaket disponerer av produksjonsdyr.

 

For å ha rett på produksjonstilskot for mjølk, er det krav om minsteproduksjon per årsku når det gjeld mjølkeproduksjon og kalving.

 

 

 

 

 

Gjennomsnittleg mjølkemengd per årsku er ca. 7600 kg mjølk. Det er krav om ein minsteproduksjon på halvparten av dette, 3800 kg per årsku for å oppfylla kravet om vanleg produksjon. For bevaringsverdige storferasar er minsteproduksjonskravet halvparten av produksjonsmiddelet til rasen, som regel noko lågare.

 

Vidare er det krav til at det skal leverast mjølk i minst 7 månader årleg, og om eit kalvingsintervall på maksimum 15 månader. Kalvingsintervallet gjeld for gjennomsnittet til besetninga. For bevaringsverdige storferaser er kalvingskravet 18 månader.

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.