Økol. godkjent produksjon

 

Økologisk godkjent produksjon

 

Debio-godkjenning er ein føresetnad for å kunne selje og marknadsføre produkta dine som økologiske. Dette er forbrukaren sin tryggleik for at produksjonen er driven etter regelverket for økologisk landbruk, og det er Debio som godkjenner økologisk landbruksproduksjon og foredla produkt i Noreg. Dersom du skal selje økologiske produkt, anten det gjeld kjøt til slakt eller syltetøy, må både planteproduksjonen, dyra og det foredla produktet ditt vera godkjente av Debio. Ein revisor kjem på gardsbesøk kvart år og fornyar godkjenninga di.

 

Gratis førsteråd

Er du usikker på korleis du skal drive garden økologisk kan du få eit Økologisk førsteråd frå Norsk landbruksrådgiving (NLR) – eit gratis gardsbesøk med tilrådingar i ein rapport i etterkant av besøket. Vil du melde deg inn i Debio og få øko-godkjenning på garden din, kan NLR hjelpe deg med å lage ein Øko-plan. Denne viser korleis du vil drive garden innanfor regelverket til økologisk landbruk. Planen må sendast saman med søknad om tilknyting til Debio. Når garden din har fått godkjenning har du rett til å søkja om økologisk tilskot både for areal og dyr som er økologisk godkjente. Det er eit tilskot som kjem i tillegg til vanleg produksjonstilskot. Les meir om vilkår og satsar i rettleiinga for produksjonstilskot.

 

 

 

 

 

Vil du ha ei rask innføring til dei viktigaste punkta i regelverket, så kan du lese meir her.

 

Ønskjer du kontakt med ein rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, og få eit øko-råd, kan du lese meir her.

 

Informasjon om innmelding i Debio

 

Regelverk for økologisk landbruk.

 

Regelverk for økologisk foredla produkt.

 

OIKOS er interesseorganisasjonen for både forbrukarar og produsentar som er interesserte i økologisk drift. Les meir på deira nettside.

 

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.