Oppstart og registrering

 

Registrere føretak

 

Einingsregisteret og organisasjonsnummer

For å kunne søkje om tilskot treng du eit registrert føretak i Einingsregisteret i Brønnøysund. Registreringa er gratis og du får eit organisasjonsnummer. Informasjon om etablering og registrering av føretak finn du på www.brreg.no eller www.altinn.no/no/Starte-og-drive-bedrift. Du kan også ringje Brønnøysundregistra for bedriftsrettleiing, på telefon 800 33 840.

 

Føretaksregisteret

Enkeltpersonføretak som har meir enn 5 tilsette eller driv sal av innkjøpte varer, må i tillegg registrere seg i føretaksregisteret. For andre enkeltpersonføretak er det ikkje plikt til registrering i føretaksregisteret. Det er krav om registrering i føretaksregisteret for aksjeselskap (AS), ansvarlege selskap (ANS og DA), samvirkeføretak (SA) og foreiningar/stiftingar som driv næringsverksemd.

 

Landbruksregisteret og produsentnummer

Etter at eit landbruksføretak er registrert i Einingsregisteret, vert det som regel automatisk registrert i Landbruksregisteret. Når føretaket er registrert i Landbruksregisteret, får du eit produsentnummer. Dette treng du mellom anna når du skal tinge øyremerke til dyra, levere dyr til slakteri eller produsere mjølk. Kontakt kommunen for meir informasjon.

 

Enkeltpersonføretak, AS, samvirke eller foreining

Ved tradisjonell gardsdrift er det oftast mest formålstenleg at drifta skjer i eit enkeltpersonføretak (ENK). Det er låge administrative kostnadar og som bonde er du då betre sikra med sjukepengar, fødselspengar, og du er sikra jordbruksfrådrag.

 

Aksjeselskap (AS) i landbruket er mest aktuelt der ein treng stor innsats av kapital og risikoen er stor, til dømes ved omlegging til satsing på ein spesialproduksjon. Dersom selskapet går konkurs, er det berre aksjekapitalen som går tapt. Det kan vere vanskelegare for eit AS å få konsesjon til kjøp av landbrukseigedom, då det er ønskjeleg at landbrukseigedomar i størst mogleg grad er eigd av fysiske personar, som bur på eigedomen og driv han. Der ein set i gang verksemd utanfor det tradisjonelle landbruket, til dømes i form av hytteutbygging, kan dette verte lagt i eit eige aksjeselskap.

 

 

 

 

Ved å leggje drifta i eit AS vert gardbrukaren sett på som tilsett i selskapet, og ein må betale arbeidsgivaravgift. Ein har ikkje rett til jordbruksfrådrag, då dette berre vert gjeve til personleg eigar av landbrukseigedommen. Eit AS vil, på lik linje med eit enkeltpersonføretak, i utgangspunktet ha rett til produksjonstilskot, erstatning for avlingsskade og avløysarrefusjon for ferie og fritid, men med nokre avgrensingar.

 

Samvirkeføretak

Samvirkeføretak (SA) var tidlegare kalla andelslag eller lutlag. Å organisere drifta i eit samvirke er særleg aktuelt når medlemene deltek aktivt i verksemda for å auke inntekta eller redusere kostnadene for den enkelte, til dømes ved felles marknadsføring, sal eller innkjøp. Det må vere minst to medlemer, som er ansvarlege berre for innbetalt andel. SA kan vere ei godt eigna organisasjonsform for nokre tilleggsnæringar. SA vert tilrådd for frivillig stifta veglag for skogsbilveg. (Sjå Skogkurs sin rettleiar om organisering av private skogsbilvegar.) Maskinlag/maskinring, fôrdyrkingslag og liknande kan også vere aktuelt å organisere som SA, eventuelt som ANS eller foreining.

 

Ein viktig grunn til å registrere ein mindre organisasjon er behovet for å få organisasjonsnummer, til dømes for at organisasjonen skal kunne få eit eige bankkontonummer. For små lag som vêrlag, mindre veglag med vidare, kan foreining eller tingrettsleg samvirke vere meir aktuelt enn eit samvirkeføretak. Mindre samarbeidsformer utan behov for eige organisasjonsnummer må vurdere om ein skal la vere å gå inn i ei organisert føretaksform.

 

Ansvarleg selskap

Eit ansvarleg selskap er eit selskap der to eller fleire deltakarar har uavgrensa, personleg ansvar for pliktene til selskapet. Det finst to ulike former for ansvarleg selskap:

1.Ansvarleg selskap (ANS), der deltakarane har uavgrensa, personleg ansvar for pliktene til selskapet (solidarisk).

2.Ansvarleg selskap med delt ansvar (DA), der deltakarane har delt ansvar for pliktene til selskapet.

 

Meir informasjon om føretaksform hos Bronnøysundregisteret, eller ta kontakt med rekneskapskontor, faglag, Norges Vel, landbruksjurist eller annan rådgjevarar.

 

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.