Registrering av husdyrhald

 

Registrering av husdyrhald

 

Melding om dyrehald

Mattilsynet skal ha beskjed når du startar opp med eller tek over husdyrhald. Dette gjer du gjennom Mattilsynet si skjemateneste med elektronisk id. Gå inn på Skjema – Andre skjema – Nytt dyrehold. Du skal også melde frå dersom du byggjer ny driftsbygning, skal gjere vesentleg ombygging eller gjer vesentlege endringar i drifta.

Krav til registrering har årsak i dyrevelferd og handtering av smittsamme sjukdommar. Rett registrering er ein føresetnad for tinging av øyremerke, rapportering til Husdyrregisteret og for levering til slakt.

 

Les meir hos mattilsynet.

Les meir hos direktoratet for økonomistyring.

Øyremerking av dyr

Alle produksjonsdyr i Noreg skal vere merka med øyremerke. For storfe og småfe skal øyremerket vere godkjent av Mattilsynet. Første siffer i individnummeret skal normalt vise kva år dei er fødd, til dømes 6 eller 16 for dyr fødd i 2016. Lam og kje skal verte merka før dei er 30 dagar gamle og før dei forlèt dyrehaldet dei er fødd i. Dyret må vere merka i samsvar med forskrifta for å kunne verte levert til slakteri.

 

Les meir hos mattilsynet.

 

 

 

 

 

 

 

Dyrehaldjournal (Driftseiningsregister)

For storfe, småfe, svin, lama og oppdrettshjort er det krav om dyrehaldjournal. Her må du fortløpande notere mellom anna dyret sitt unike individnummer, fødselsdato, dødsdato/slaktedato og foreldreidentitet. Vidare må du notere flytting inn og ut av dyrehaldet og andre situasjonar der dyra kjem i kontakt med dyr frå andre dyrehald. Du må også føre oversikt over sjukdom og behandling av alle dyra som til ein kvar tid er i dyrehaldet, inkludert førebyggjande helsearbeid.

 

Les meir hos mattilsynet.

 

Husdyrregisteret

Husdyrregisteret er det offisielle registeret for storfe, småfe og svin i Noreg, tilsvarande folkeregisteret. Du er sjølv ansvarleg for å gje rette opplysningar til Mattilsynet fortløpande.

Du må mellom anna rapportere flytting av dyr (kjøp/sal). For småfe er det også krav om årleg rapportering av tal dyr per 1. januar. Fristen er 31. januar. Dyrehaldarar som har søkt om produksjonstilskot, skal ikkje rapportere dette sjølv. For storfe er det også krav om å rapportere fødsler og dødsfall/slakting. Flytting, fødsel og død/slakt skal meldast innan 7 dagar etter at hendinga fann stad. Medlemmer i Kukontrollen eller Storfekjøttkontrollen rapporterer via rådgjevaren der. Andre rapporterer direkte til Husdyrregisteret.

 

Les meir hos Altinn.

 

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.