Krav ved utegongerdrift

Krav ved utegongerdrift

 

Utegongarsau omfattar sau og lam som ikkje vert haldne i driftsbygning i vinterperioden. Eigaren eller andre med ansvar for dyra skal sikre at alle dyr får tilsyn etter behov.

 

Dyr som vert haldne på utmarksbeite, skal du sjå etter minst ein gong per veke, i område utan særleg risiko. Ved mistanke om auka fare må tilsynet intensiverast, slik at forhold som kan medføre dårlig velferd: sjuke, skadde og avmagra dyr, vert oppdaga så fort som råd er. (Dyr som vert haldne innandørs, skal normalt ha tilsyn minst to gonger i døgeret.)

 

Småfe skal ha godt og regelmessig stell. Dei skal klippast etter behov, minimum årleg. Klauver skal undersøkjast regelmessig og stellast ved behov. Småfe skal få fødselshjelp av kompetent person når det er behov for det.

Sauene skal ha liggjeområde med minimum tre tette vegger og tak som gjev vern mot vind og nedbør. Det skal og vere fôringsplass som gjer det mogleg å fôra dyra på ein god måte. Dyra skal ha god ullfell som skjermar mot vêr og vind i den kalde årstida.

 

 

 

 

 

Du kan søkje Mattilsynet om å sleppa kravet til husly, såkalla utedrift. Mattilsynet kan vurdere at terreng og vegetasjon gjev tilstrekkeleg ly. NB: Ein treng førehandsgodkjenning for å sleppe kravet om husly. Sjå i § 18 i forskrifta under kva krav som skal stettast ved utedrift. Krava er utforma for å sikre god dyrevelferd. Alle som har dyr er pliktig å setje seg inn i forskriftene som regulerer driftsforma, og rette seg etter denne.

 

Les meir på lovdata.

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.