Bu- og driveplikt

 

Bu- og driveplikt

 

Buplikt

I mange tilfelle vil det vere buplikt på garden. Denne kan vere lovbestemt eller gjeven som vilkår etter konsesjonslova.

Har du overteke ein landbrukseigedom innan nær slekt, kan du nytte deg av eigenfråsegnskjema om konsesjonsfridom – men det er viktig at du då er merksam på at du forpliktar deg til å busetje deg på garden innan eitt år og bu der i fem år. Dersom du ikkje skal/kan busetje deg på eigedomen innan denne fristen, må du søkje konsesjon. Det er ikkje mogeleg å søkje om utsetjing av buplikt når det er tale om lovbestemt buplikt.

 

I samband med konsesjonshandsaming kan det verte sett vilkår om buplikt etter konsesjonslova § 11, som følgje av omsynet til busetjing i kommunen. I mange tilfelle vil dette vilkåret vere i samsvar med det som går fram av den lovbestemte buplikta. Dette er eit vilkår som eventuelt kan lempast på ved søknad seinare, dersom du av ulike omstende ikkje kan oppfylle vilkåret innan den tid som er bestemt. Slik søknad skal i tilfelle sendast til kommunen. Dersom du allereie på tidspunktet for ervervet veit at du ikkje vil busetje deg på eigedomen, vil det ofte vere formålstenleg å klage på den delen av vedtaket, framfor å søkje om utsetjing av buplikt.

 

Les her meir hos landbruksdirektoratet om buplikt

 

Driveplikt

Driveplikta følgjer av jordlova § 8, og er knytt til jordbruksareal. Omgrepet jordbruksareal omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite, slik desse er definert i gardskart, arealklassifisering frå Skog og landskap.

 

Driveplikta gjeld uavhengig av storleik på arealet og om arealet ligg i område regulert til Landbruk-, natur- og friluftslivområde (LNF-område) i kommuneplanen eller ikkje. Det er eigaren som må sørgje for at driveplikta er oppfylt. Dette gjeld uavhengig om tidligare eigar hadde fritak. Det kan søkjast om fritak frå driveplikta. Søknad skal sendast til kommunen, men det er i utgangspunktet ein høg terskel for å få slike søknader innvilga. Driveplikta inneber at produksjonseigenskapane vert oppretthaldne og at areala, i utgangspunktet, skal haustast og kultiverast årleg.

 

Les her meir hos landbruksdirektoratet om driveplikt.

 

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.