Gjerdeplikt og beiterett

 

Gjerdeplikt og beiterett

 

Eit gardsbruk har oftast gjerdeplikt for ulike gjerdestrekk, noko du må få oversikt over ved overtaking. Ein kan vere pålagd gjerdeplikt gjennom skylddeling, skjønn, utskifting eller avtale. Dersom du er pålagt gjerdeplikt, pliktar du å oppretthalde gjerdinga fram til du eventuelt vert friteken for gjerdeplikta ved avtale eller gjerdeskjønn. Det at du ikkje lenger driv med husdyr, fører altså ikkje til at gjerdeplikta sluttar å gjelde.

 

Ved oppsett av nytt gjerde eller dersom jordskifteretten skal avgjere gjerdeplikt i form av jordskifteskjønn, er grannegjerdelova og beitelova aktuelt regelverk. Det er då ein hovudregel at den som har størst nytte av gjerdet må bere tilsvarande største del av kostnaden. Gjerdelova løyser ikkje vanskane med manglande gjerdehald når eigedommane ikkje er tilgrensande naboar. Etter beitelova pliktar husdyreigaren å syte for at dyra ikkje kjem inn på område der ein ikkje har rett til å ha dei.

 

Les meir om beiteloven på lovdata.

 

Les meir om gjerdeloven på lovdata.

 

 

 

 

Beiting i utmark

Som grunneigar har ein rett til å nytte beite i utmark der ein er eigar eller har beiterett. Særleg i låglandet kan vere vanskar knytt til dette, då det ofte er manglande gjerdehald mellom utmarka og innmarka hos andre grunneigarar. Som hovudregel har alle rett til å setje opp gjerde mot naboen, men gjerdehald mellom kvar eigedom i utmarka vil føre med seg store kostnadar i forhold til nytten av beitet. Det vil oftast vere meir rasjonelt å få til samarbeid om større beiteområde og felles gjerdehald for fleire eigedomar. Utmarkseigar har ikkje plikt til å halde gjerde mot hyttetomter.

 

QUICK CONTACT

mail@demolink.org

999-234-876

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.