Eige gard

 

Kjøp av gard og konsesjon

 

Du kan finne gardsbruk til sals på nettstader som gardsbruk.no eller finn.no. Det er elles vanleg å kjøpe gard frå nær familie. Eit eigarskifte inkluderer kompliserte spørsmål knytt til jus, skatt, verdisetjing, finansiering med meir. Eit omfattande lovverk gjer at det er viktig med god oversikt, god planlegging og eventuelt fagleg hjelp. I samband med eigarskifte tek ein val for mange år framover, og prosessen kan vera prega av refleksjonar og sterke kjensler hos både seljar og kjøper.

Les meir om til dømes verdsetjing, skatt og overdraging i fleire trinn hos landkredittbak sine fagsider for landbruket.

 

 

Konsesjon

Når ein overtek ein landbrukseigedom må ein anten søkje konsesjon, eller kommunen må stadfeste konsesjonsfridom. Reglane er like, uavhengig av om overtakinga skjer ved kjøp, gåve, arv eller odel. Bakgrunnen for at omsetnaden av fast eigedom vert kontrollert er, mellom anna, ønskje om å verne produksjonsareal i landbruket og å ha eigar- og brukstilhøve som er mest mogeleg til gagn for samfunnet.

 

Konsesjon inneber at ein får samtykkje til å overta eigedommen. Overtaking av fast eigedom er i utgangspunktet konsesjonspliktig, men det finst ei rekkje unntak. Dei fleste overtakingane er ikkje konsesjonspliktige, som følgje av eigedomen sin karakter, etter § 4 i konsesjonslova, eller den som overtek si stilling (slektskap), etter § 5 i konsesjonslova.

 

For å få tinglyst erverv av landbrukseigedom er det nødvendig at kommunen har fatta eit positivt vedtak om konsesjon, eller at ein kan stadfeste at ervervet ikkje er konsesjonspliktig. Ein nyttar då eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Denne må vera stadfesta av kommunen. Fråsegna må deretter sendast inn til Kartverket, saman med andre nødvendige dokument knytt til ervervet.

 

 

 

Dersom overtakinga ikkje er konsesjonspliktig, må du sende eigenfråsegnskjema om konsesjonsfridom til kommunen. For å få tinglyst overtaking av landbrukseigedomen må kommunen ha fatta eit positivt vedtak om konsesjon eller stadfesta konsesjonsfridom. Stadfestinga må du deretter sende til Kartverket, saman med andre nødvendige dokument knytt til overtakinga.

 

Unntak som følgje av slektskap

Overtaking av landbrukseigedom frå nær slekt er oftast konsesjonsfri. Dette gjeld også ved overtaking av eigedom på odel.

 

Dersom ein eigedom med bustadhus har meir enn 25 daa fulldyrka og/eller overflatedyrka jord, eller meir enn 500 daa produktiv skog, må du likevel oppfylle lovbestemt buplikt for at overtakinga skal vere konsesjonsfri. Dersom du ikkje skal eller kan busetje deg på eigedomen, må du søkje konsesjon. Les meir om dette under kapittelet Buplikt.

 

Unntak som følgje av eigedomen sin karakter

Om eigedomen er konsesjonspliktig eller ikkje vil kome an på storleiken og om eigedomen er bygd på. Hovudregelen er at ein kan overta eigedom som er bygd på utan å søkje konsesjon, dersom eigedommen ikkje er større enn 100 dekar totalt og ikkje har meir enn 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka areal.

 

Kommunen kan hjelpe til med å avklare om det er tale om ein konsesjonspliktig eigedom eller ikkje. Ein kan også sjå gardskart på NIBIO si heimeside ved spørsmål om arealstorleik. Det er også lagt ut ei oversikt over spørsmål og svar på heimesida til Landbruksdirektoratet. Her finn du dei mest vanlege spørsmåla, knytt til konsesjon. Det er her også lagt ut relevante rundskriv og lenker til lovverket.

 

Les meir hos landbruksdirektoratet om konsesjon.

 

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.