Forynging av skog

Forynging av skog

 

Om du som skogeigar ønskjer kontinuitet i skogdrifta, er det viktig å forynge skog. Det vil seia at du sørgjer for at den neste generasjonen skog veks opp. I Skogbrukslova står det at du innan tre år etter hogst av skog skal syte for tilfredsstillande forynging på arealet. Om arealet skal nyttast til anna føremål enn skogproduksjon, må det avklarast med kommunen.

 

Når skogen din vert hogd, må du tar et val om korleis skogen i framtida skal sjå ut. På Vestlandet har vi i dag stort sett planta granskog eller furu- og lauvskog. Oftast vert det planta gran etter hogst. Vart heile arealet teken ut i hogst, er det ofte nødvendig å plante eit konkret treslag, noko som veks opp til einsaldra bestand. Tal granplanter på dei fleste veksestader vil då vere 250 planter per dekar.

 

Nokre veksestader tillèt også foryngingsalternativ til gran. Til dømes kan næringsrik jord, sørvendte lier og eige høgdelag gje potensiale for lauvtreslag i skogen din. Uansett kva alternativ du vel er det viktig at du tek omsyn til klimatiske utfordringar som storm, billeangrep eller frost. Dette vil redusere risikoen for skogsskadar, og dermed produksjonstap.

 

 

 

 

 

På nokon skogareal kan naturleg forynging av stadeigne treslag vere mogleg med rett planlegging og skjøtsel. Naturleg forynging kostar ikkje pengar i plantekjøp, men krev kontinuerleg tynning og avstandsregulering.

For planting og forynging av skog kan ein søkje kommunen om tilskot.

 

Val av foryngingsalternativ og skogskjøtsel er ei krevjande oppgåve og føreset skogfagleg kunnskap og erfaring. Ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen for råd og rettleiing.

 

Les meir om norske treslag eller last ned app frå Skogkurs.

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.