Skogbruk

Skogbruk

 

For 100 år sidan var folk bekymra for at vestlandsskogane skulle forsvinne. I dag er mange bekymra for at det opne kulturlandskapet skal gro igjen. For 100 år sidan la skogforskinga til rette for at skogen skulle vere Noreg sitt arvesølv. Så kom vasskraftutbygginga og oljealderen. Sjølv om vestlandsskogen gradvis hadde vakse seg større og større, vart ikkje skogen lenger sett på som verken arvesølv eller det grøne gullet. I dag som oljealderen er på hell og ein snakkar om det grøne skiftet, er skogen ein ressurs som det igjen er forventningar til. Skogen i Hordaland har høg volumproduksjon, grunna gode veksttilhøve med lang vekstsesong og overskot av nedbør.

 

 

 

 

 

Skogbruket i Hordaland har nokre utfordringar i forhold til struktur og storleik på eigedomane. Fylket har mange små eigedomar med krevjande driftstilhøve. Vil skogforvalting og samarbeid på tvers av eigedomsgrensene vere meir vanleg i framtida? I mange skogområde manglar framleis skogsvegar. Vegane bidreg til å sikre positivt driftsresultat og nytte for skogeigarane og samfunnet.

 

Hogst av skogen i fylket har tradisjonelt auka kvart einaste år sidan skogreisingstida på 50-70 talet. I 2015 vart der hogd 230 888 m3 i Hordaland. Hogst av plantefelt med gran utgjer 93 % av volumet. Mesteparten av det hogde arealet vert forynga med ny skog. Tømmeret vert som regel selt til Moelven Granvin Bruk AS eller eksportert til Tyskland og Sverige.

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”

 

Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, p.b. 7310, 5020 Bergen. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.