Alt om regelverk, lovverk og ordningar du bør kjenne til
VIKTIG MELDING:
Landbruksdirektoratet lanserte 22.01. nye nettsider. Lenkjene til desse virker ikkje lenger. Nettstadarbeidet er framleis pågåande og vi vil oppdatere etterkvart.
Bondeboka gjev deg ei oversikt over viktige spørsmål knytt til å eige og drive ein gard. Vi har systematisert bondeboka ut frå sentrale tema i bondekvardagen, og på ein slik måte at du raskt finn fram til det du ønskjer å vite meir om. Mykje av innhaldet gjeld landbruket i Vestland, og har vore etterspurt av både forvalting og bønder i fylket vårt.
Vi ønskjer deg lukke til med det gode og viktige arbeidet du gjer på garden din.
Finn du noko som er feil, lenkjer som ikkje fungerar eller manglar, kan du ta kontakt med ansvarleg her.
Med venleg helsing
Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland
Mars 2021.
Landbruket i Vestland fylke: Det er 5.892 aktive gardsbruk, 24.964 mjølkekyr, 149.216 sauer og 13.592 geiter på utmarksbeite, 4.714 tonn eple og 6.862 daa granhogst i 2019. Kva er tala for landbruket i din kommune?
I Vestland er husdyrproduksjon, som kumjølk og lammekjøt, dei største produksjonane. Indre Hardangerregionen, Indre Sognefjorden, Innvik i Nordfjord er mellom dei beste områda for fruktdyrking i landet, og i nokre kommunar er det stor produksjon av svinekjøt. Mykje av produksjonsskogen i Vestland er granskog frå skogreisingstida, og er snart klar for hogst.
Mykje nedbør og små gardar med bratt terreng i delar av fylket set rammer for kva produksjonar som eignar seg i Vestland. Mest alt jordbruksareal vert nytta til grovfôr-produksjon. I tillegg er det noko fruktareal. Svinekjøt, egg og fjørfe er basert på kraftfôr som innsatsfaktor og kan produserast nær sagt kor som helst, så lenge det er tilgang til spreieareal.
Det er mange høve til næringsaktivitet, med utgangspunkt i landbrukseigedomar. Mange føretak satsar på reiselivsbaserte produkt som overnatting og opplevingar, smaksrike kjøtprodukt eller ostar, foredling av frukt og sider, anna matforedling eller Inn på tunet. Berre fantasien set grenser for kva ein kan gje seg i kast med.
Dei aller fleste gardbrukarane i fylket har annan jobb, utanom det å vere bonde. Få av gardbrukarane i fylket får meir enn 90 prosent av inntekta si som næringsinntekt frå landbruk.