Jakt og fiske

Jakt og fiske


Jakt og fiske har lange tradisjonar i Noreg. Våre forfedre drev med jakt og fiske for å overleve og for å spe på gardsinntekta. I dag er jakt og fiske meir eit tilbod innan naturopplevingar, folkehelse og kulinariske matopplevingar. Viltkjøt og fisk er naturlege, rene og ekte råvarer som mange ønskjer seg meir av.


Som grunneigar kan ein tilby sal av jakt og fiske, gjerne i kombinasjon med overnatting og bevertning. Å drive med storviltjakt krevjar ein viss storleik på eigedomen, fellingsløyve frå kommunen, ofte eit godt samarbeid mellom fleire gardar og kunnskap om vertskap, som jaktguide og jeger. Småviltjakt og fiske kan grunneigar selje utan løyve frå kommunen.

   

Vi ser eit uoppdaga og stort potensial for verdiskaping basert på jakt og fiske som tilleggsnæring i landbruket. Å sette i verk ulike vilt- og fisketiltak på eigedomen vil gje auka ressursgrunnlag ved sal av jakt og fiske. Naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg omset for over åtte milliardar kroner årleg, kan vere at også du vil satse på jakt og fiske som næring?   

 

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.