Solenergi

Solenergi 


Sola er den beste energikjelda vi har. Jorda mottek kvart år 15 000 gangar meir energifrå sola enn menneskje 
bruker. Sola gjev ein energimengde frå 700 til over 2 200 kWh/kvm per år, avhengig av der du bur i verda.


Solenergi er ei gratis, miljø- og klimavennleg energikjelde. Også i Noreg, inkludert på Vestlandet, er det fornuftig å satse på denne energiforma. Vi må skilje mellom solceller (PV - photovoltaics) og solfangrar. Solceller gjer solstrålar til straum, mens solfangarar
forvandlar solstrålar til varme.
Les meir om 
solceller og solfangere på solenergi.no. 


Mange gardbrukarar tenkjer på moglegheitene for auka sjølvforsyning. Solcelleanlegg kan vere aktuelt og er som regel ein enkel installasjonsprosess, samt at driftskostnadane og behovet for vedlikehald er låge. Ein sørvendt installasjon på eit relativt stort låvetak gir ein årleg straumproduksjon i kilowattimar (kwt) på linje med  behovet på et mjølkebruk (60-100 000 kwt). 


Eigenbruk av straum er verdt tydeleg meir enn det man kan få ved å levere straum på nettet. Ei vurdering av framtidig endring i straumbehov bør inngå i reknestykket. Mogleg at framtidig utstyr vil auka straumbehovet, eller at du planlegg drift og bruk av utstyr på ein annan måte. 


Kom i gang med solceller på 1-2-3 


  1. Sjekk om tak/vegg sør, vest og øst er utan skygge 
  2. Høyr med kommunen om solcelle på fjøstak eller andre eksisterande bygg på garden er søknadspliktig. 
  3. Kontakt Innovasjon Norge for å søkje om tilskot 
  4. Kontakt ein solcelleleverandør og be om tilbod for ditt prosjekt 
  5. Leverandøren byggjer anlegget og du er i gang med drifta 





Gode argument i vurderingsprosessen 


Solcelleanlegg har ei lang levetid og investeringa vert betalt tilbake innan si levetid. Dette gjev god dagleg avkastning. 


Driftskostnadane dine vert redusert frå dag 1 når 
solcelleanlegg er i drift. 


Investeringa har lav risiko, lave driftskostnader og er 
kortreist solcellestraum direkte frå ditt tak. 


Fornybar solstraum kan brukast i sal og marknadsføring av dine gardsprodukt. 



Meir informasjon:

 

Agropub.no – nettsiden for økologisk landbruk har skrive om bruk av solceller i landbruket


Norsk solenergiforening med nettportalen solenergi.no har samla generell informasjon, men også litt om tilskotsordningar


Innovasjon Norge skriv på nettsida si at “solanlegg, der energien benyttes på landbrukseiendommen”, kan få støtte frå “Verdiskapningsprogrammet for fornybar energi og teknologi i landbruket”


Om “Solceller i landbruket, muligheter og utfordringer” har Norsk senter for økologisk landbruk skrive om på nettsida si: Les meir her.  


Solseller på fjøstaket: foredrag (22minutter) frå Solbære (vestlandsbasert leverandør) på BEIT konferansen 2019.

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.