Jakt og fiske har lange tradisjonar i Norge. Forfedrene våre dreiv med jakt og fiske for å overleve, og for å spe på gardsinntekta. I dag er jakt og fiske meir eit tilbod innan naturopplevingar, folkehelse og kulinariske matopplevingar. Viltkjøt og fisk er naturlege, reine og ekte råvarer som mange ønskjer seg meir av.
Som grunneigar kan ein tilby sal av jakt og fiske, gjerne i kombinasjon med overnatting og bevertning. Å drive med storviltjakt krev ein viss storleik på eigedomen, fellingsløyve frå kommunen, ofte eit godt samarbeid mellom fleire gardar og kunnskap om vertskap, som jaktguide og jeger. Småviltjakt og fiske kan grunneigar selje utan løyve frå kommunen.
Vi ser eit uoppdaga og stort potensial for verdiskaping basert på jakt og fiske som tilleggsnæring i landbruket. Å sette i verk ulike vilt- og fisketiltak på eigedomen vil gje auka ressursgrunnlag ved sal av jakt og fiske. Naturbaserte reiselivsbedrifter i Norge omset for over åtte milliardar kroner årleg, kan vere at også du vil satse på jakt og fiske som næring?
Kom i gong - her får du meir informasjon:
Les meir om satsinga og nasjonale handlingsplanen for viltet som ressurs.
Fylkeskommunen har et koordinerende og rådgivende ansvar for de høstbare viltartene.
Få inspirasjon og nettverk - sjå på den nasjonale salskanalen for jakt, fiske og hytteutleige.
Innovajon Norge organiserer kurs
Vi har ikkje mange gardar på Vestlandet som har erfaring med jaktturisme, men det er landet rundt nokre gode døme på vellukka satsingar. Som inspirasjon kan du sjå på sidene til Åkrafjorden Jakt AS UtmarksCompagniet Opaker Gård
Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.