Konsesjon fjørfe
Du kan ikkje produsere så mykje fjørfekjøt og egg som du vil. Denne produksjonen er regulert av husdyrkonsesjons-regelverket. Reguleringa er til for å sørge for ei viss spreiing av gardsbruk som driv med fjørfe. Ein ynskjer ikkje at nokre få store bruk produserer alt og det ikkje er konkurranse-messig rom for andre aktørar å drive. Reguleringa vert gjort ved at produksjonsomfanget hjå den einskilde produsent er avgrensa. Grensa for fri konsesjon er 7.500 verpehøns, 280.000 omsett eller slakta kyllinger pr. år, maksimalt 60 000 omsett eller slakta kalkuner pr. år
Dei ulike produksjonane har ein ulik faktor for kva ei konsesjonseining er. Om du ynskjer å produsere i eit større omfang må du søkje Landbruksdirektoratet om dette.
Produksjon av fjørfe er underlagt Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjon. I Forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen er det presiseringar om kva som står i lova. Mellom anna er grensene for konsesjons-pliktig produksjon definert.