Støtte til frukt- og bærproduksjon frå Innovasjon Norge
Innovasjon Norge kan gje støtte til investeringar i frukt- og bærproduksjon. Løyvingar blir prioritert i tråd med handlingsplan for landbruk i Vestland.
Støtte til frukt- og bærfelt
Etter konkret søknad blir det løyvd pengar til m.a. dekkesystem for bær, og fornying og nyplanting av fruktfelt. For å få støtte frå Innovasjon Norge bør frukt- og bærproduksjon utgjere ein vesentleg del av planlagt inntekt på garden. Produksjonen skal også vere knytt til ressursgrunnlaget på gardsbruket ditt og bygda du bur i.
Det blir lagt stor vekt på at produksjonen er framtidsretta og skjer i samråd med aktuelle frukt- og bærmottak. Det kan bli gitt støtte til arrondering og rydding, nyplanting og fornying av fruktfelt, investering av dekkesystem på bær, vatningsanlegg og viltgjerder m.m.
Støtte til småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær
Det kan bli løyvd midlar til tilleggsproduksjon på gardsbruk. Til dømes kan det bli gitt støtte til utviklingstiltak, marknadsarbeid, kompetanseheving, mentor, etablering av dyrkingsfelt, viltgjerde, veksthus, kjøle- og lagerrom, produksjonslokale, utvikling av berekraftig emballasje m.m.
Treng du meir informasjon?
Dersom du ønsker å vite meir om korleis du skal søke midlar frå Innovasjon Norge, kan du ta kontakt med rådgjevarar hos Innovasjon Vest. Retningslinjer for støtte til frukt- og bærproduksjon finn du her.