Økologisk geitehald

Økologisk geitehald


Den største skilnaden mellom økologisk og konvensjonell geitehald er knytt til dyrking av grovfôr og til bygningskrav. I tillegg er det krav knytt til fôring, sjukdomsførebygging og parasitthandtering. Det er Debio som fastset og handterer reglar for økologisk drift i Noreg.

Målet i ei økologisk driftsform er at geitehaldet, i størst mogeleg grad, skal klare seg med garden sine eigne lokale og fornybare ressursar. Kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel vert ikkje brukt. God dyrevelferd og vekt på førebyggjande helsearbeid er vesentleg. 

 

Les meir hos Debio her.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.