Krav ved utegongardrift

Krav ved utedrift/ utegangardrift


Geit på utedrift omfattar geit og kje som ikkje vert haldne i driftsbygning i vinterperioden. Eigaren eller andre med ansvar for dyra skal sikre at alle dyr får tilsyn etter behov, for å unngå dårleg dyrevelferd. Det same ansvaret følgjer ved hald av geit på utegang. 

 

Småfe skal ha godt og regelmessig stell. Dei skal klippast 
etter behov, minimum årleg. Klauver skal undersøkjast 
regelmessig og stellast ved behov. Småfe skal få fødselshjelp av kompetent person når det er behov for det.


Geitene skal ha liggjeområde med minimum tre tette vegger og tak som gjev vern mot vind og nedbør. Det skal og vere fôringsplass som gjer det mogleg å fôra dyra på ein god måte. Dyra skal ha god ullfell som skjermar 
mot vêr og vind i den kalde årstida. 

Du kan søkje Mattilsynet om å sleppa kravet til husly, 
såkalla utedrift. Mattilsynet kan vurdere at terreng og vegetasjon gjev tilstrekkeleg ly. NB: Ein treng førehands-
godkjenning for å sleppe kravet om husly. Sjå i § 18 i forskrifta under kva krav som skal stettast ved utedrift. Krava er utforma for å sikre god dyrevelferd. Alle som har dyr er pliktige å setje seg inn i forskriftene som regulerer driftsforma, og rette seg etter denne. 


Les meir på lovdata.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.