Alle som produserer mjølk må ha mjølkekvote, anten du leverer til meieri eller foredlar mjølka sjølv. Kvotesystemet vert regulert av Landbruksdirektoratet. Du må søkje om kvote for å starte opp med mjølkeproduksjon, eller gjere
om vanleg kvote til foredlingskvote. Det er mogleg å kjøpe kvote anten frå staten eller frå ein annan bonde, begge gjennom omsetningsrunde med frist i oktober. Eig du grunnkvoten 15 000 liter geitemjølk kan du, i tillegg, leige kvote hos private.
Det er berre mogleg å starte opp med geitemjølk-produksjon i kommunar der det er geitemjølkkvote frå før.
Viss du sel mjølk utan å ha kvote, eller utover den kvoten du har, må du betale ei overproduksjonsavgift per liter mjølk.
Kvart år vert det forhandla om eit forholdstal for mjølke-
kvotene. Det er faglaga (Bondelaget og Bonde og småbrukarlaget) og Tine som forhandlar med staten om meir eller mindre mjølkeproduksjon, i forhold til kvotane.
For 2020 er forholdstalet satt til 0,94 for geitemjølk. Denne forhandlinga vert gjort for å regulere produksjon av meieriprodukt i forhold til etterspurnad i marknaden.
Les meir om mjølkekvotar, skjema og regelverk hos landbruksdirektoratet