Sal av livdyr

Sal av livdyr


Ein kan levere dyr til slakteri eller ein kan selje dyr som livdyr. Det er forbode å flytte hodyr av småfe (sau og geit) mellom buskapar. Du må søkje løyve frå Mattilsynet dersom du vil kjøpe hodyr. 


Lenkje til Mattilsynet.

Hanndyr av småfe kan flyttast mellom buskapar innan 
fylket utan søknad til Mattilsynet, men det skal fyllast ut eigenerklæringsskjema frå seljar. Dette skal følgje dyret. Bukkar kan flyttast etter same reglar som vêrar, men dei skal alltid ha veterinærattest, også når dei vert flytta innan same fylke.

 

Med fylke vert det no meint dei fylka som er gjeldande frå 1. januar 2020. 

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.