Sanking, beitelag og produksjonstilskot

Sanking, beitelag og produksjonstilskot


Mykje av beitinga i utmark er organisert gjennom beitelag. Beitelaget skal vere registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret og ha minst 2 medlemer med organisasjonsnummer. På utmarksbeite skal det førast 
organisert tilsyn og sanking. 


Dyra skal ha tilsyn minst ei gong per veke i område utan særleg risiko. Ved mistanke om auka fare må tilsynet aukast, slik at forhold som kan føre til dårleg velferd, sjuke, skadde og avmagra dyr, vert oppdaga så tidleg som råd er. 

Beitelaga kan søkje om støtte til investeringar til tiltak i beiteområdet. Slike tiltak kan til dømes  vere å setje 
opp sankehegner, bruer og elektronisk overvaking, som radiobjøller og e-bjøller. Godkjente beitelag kan søkje om tilskot til drift av beitelaget. 


Les meir hos landbruksdirektoratet:


Tilskot til drift av beitelag


Tilskot til tiltak i beiteområde

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.