Du som driv med geit kan mellom anna søkje om:
Tilskot til husdyr
Her skal du føra dyr du hadde på teljedato 1. mars og/ eller 1. oktober i søknadsåret.
Mjølkegeit: Geiter som har kjea og som er i mjølkeproduksjon hos føretak som anten har disponibel kvote eller lokalforedlingskvote. Geitetal skal registrerast i søknad både i del 1 og del 2 (med fristar 15. mars og 15. oktober).
Ammegeit: Geiter som har kjea minst ein gong og som ikkje er mjølkegeiter. Ammegeiter skal berre registrerast i del 1 av søknaden (med frist 15. mars).
Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar
Kystgeit: Dyra må vera registrert i Ammegeitkontrollen med låst rasekode på teljedato 1. oktober. Ammegeiter er geiter som har kjea minst ein gong og som ikkje er mjølkegeit.
Meir om bevaringsverdig geiterase finn du her.
Tilskot til dyr på beite
Tilskotet gjeld for dyr som har beita i minst 12 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter, og hovuddelen av det daglege grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting.
Tilskot til dyr på utmarksbeite
Tilskotet gjeld for dyr som har beita i utmark i minst 5 veker, og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting i utmark. For sau skal det i tillegg førast opp sleppte og sanka dyr.
Areal- og kulturlandskapstilskot
Før opp tal dekar fulldyrka eng, overflatedyrka eng og innmarksbeite.
Tilskot til økologisk landbruk
Her er ulike kodar for ulik produksjon; husdyr, grovfôr osb.
Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
Du kan søkje avløysartilskot og sum nytta til avløysartenester. Du kan nytte avløysar som du sjølv har arbeidsgjevaransvar for, avløysar gjennom avløysarlag og/ eller kjøpe avløysartenester frå andre føretak.
Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søkje om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, og til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.
Driftstilskot til organiserte beitelag
Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland finn du her
Investeringstilskot til organiserte beitelag
Utmarksbeiting i Norge forgår i stor grad i regi av beitelag som organiserer fleire beitebrukarar innanfor eit definert utmarksbeiteområde. Tilskot til tiltak i beiteområde skal bidra til god beitebruk gjennom infrastruktur i beiteområda.
Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.