Grønsaksproduksjon

Hagebruk


Hagebruksproduksjon i Vestland fylke er i all hovudsak knytt til dyrking av frukt og bær, samt noko potet og gulrot i Lærdal. I tillegg er det ei gryande interesse for småskala grønsaksproduksjon. I eit klimaperspektiv er det viktig å auke produksjonen av grønsaker, frukt og bær på Vestlandet. Det er eit godt klima for grønt-produksjon i indre strok av Vestlandet, men ein kan få større utfordringar i kystnære strok, både på grunn av jordsmonn og store nedbørsmengder. 



Grønsaksproduksjon


Grønsaksproduksjon i Vestland fylke er konsentrert i ulike mindre regionar. Lærdal og delvis Gloppen kommune har tradisjonell produksjon av grønsaker til grossist, men det er ein gryande interesse for marknadshagedrift. Det er ein driftsform for småskala grønsaksproduksjon, for sal av grønsaker gjennom salskanalar for lokalmat eller gjennom å opprette andelslandbrukBondens marknad har vore pådrivar for marknadshagekurs på i Vestland fylke, og Sogn Jord-og hagebruksskule rettar delar av undervisninga i hagebrukssektoren mot dette. 

 




Er du interessert i å vri drifta på garden over mot grønsaksproduksjon, ta kontakt med Norsk landbruksrådgiving vest, og få faglige råd. Ver spesielt merksam på at jordsmonnet på garden din må vera optimal for ein vellukka grønsaksproduksjon. Har du myrjord eller dårlig drening på arealene du ynskjer å bruke til grønsaksproduksjon, bør du diskutere grundig med ein rådgivar før du satsar. Dyrking av grønsaker på myrjord kan vere særs utfordrande og blir vanlegvis frarådd, dersom du skal dyrke økologisk.  


Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.