Økologisk grønsaksproduksjon

Økologisk grønsaksproduksjon


Økologisk produksjon er ein bærekraftig driftsform i landbruket, som garanterer at du driv utan kjemisk-syntetiske sprøytemiddel og ikkje brukar kunstgjødsel i din produksjon, men nyttar førebyggande strategiar og gjødselkjelder av naturleg opphav. Dersom du skal reklamere og selje varene dine som økologiske vert det krevd godkjenning av produksjonen din frå Debio, som er kontrollorganet for økologisk landbruk. 

Økologisk drift (som også kan inkludere regenerativt landbruk) er i aukande grad ein marknadsdreven produksjon, og det er viktig at du har undersøkt marknads-poteinsialet for den produksjonen du ynskjer å starte med. Innovasjon Norge kan gje støtte til slike marknadsunder-søkingar og planlegging av økologiske produksjonar.  

Økologisk drift innan grøntproduksjon er eit prioritert område, og dei har også eit  støtteprogram for tidlegfase av ein småskala grønsaksdproduksjon.


Les meir om dei ulike ordningane på Innovasjon Norge sine landbrukssider. 

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.