Oppstart grønsaksproduksjon

Oppstart av grønsaksproduksjon


Er du interessert i å vri drifta på garden over mot grønsaksproduksjon, ta kontakt med Norsk landbruksrådgiving Vest, og få faglige råd og ei vurdering av om garden og jorda di er eigna for grønsaksdyrking. 
Tenesta Økologisk fyrsteråd i NLR Vest, kan gje deg ein gratis og uforpliktande vurdering av gardsdrifta di, med gardsbesøk av ein rådgjevar.


Ver spesielt merksam på at jordsmonnet på garden din må vera optimal for ein vellukka grønsaksproduksjon. Har du myrjord eller dårlig drening på arealene du ynskjer å bruke til grønsaksproduksjon, bør du diskutere grundig med ein rådgivar før du satsar. Dyrking av grønsaker på myrjord kan vere særs utfordrande og blir vanlegvis frarådd, dersom du skal dyrke økologisk.  

Når du har testa å dyrke grønsaker på garden eller gått på kurs, og kjenner deg klar for å starte med grønsaksdyrking for sal, kan Innovasjon Norge bidra med støtte i oppstarts-fasen og til mindre investeringar. Kontakt ein av rådgjevar-ane i Innovasjon Norge som forvaltar ordninga for tilskot til småskala frukt,-bær og grønsaksdyrking, dersom du har spørsmål.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.