Driftsformer hest

Driftsformer


Driftsformene som er vanlege for hald av hest i Norge er å ha stall eller utegang. Det er vanleg at hestar vert sleppte på beite i inn- eller utmark i delar av sommarhalvåret.


Stall

Den mest tradisjonelle måten å halde hest på i Norge er i stall. Ein stall kan vere eit frittståande bygg, eller ein del av ein større bygningsmasse. Det vert stilt ei rekkje krav til både utforming av sjølve stallen og til hestehaldet,  for å sikre best mogeleg dyrevelferd. Det er krav om tilsyn og stell. Krava finn du i Lov om dyrevelferd , Forskrift om velferd for hest og Retningslinjer til forskrift om velferd for hest.


Utegang

Mange vel å halde hest på utegang i staden for tradisjonell oppstalling. Dei same reglane for tilsyn og stell gjeld for både utegang og stall. Det vert stilt krav til utforming av leskur (§25) og tilgang til liggjeplass og fôringsplass for alle hestar. Om vinteren må slik plass vere innandørs. I tillegg skal fôringsplass ha drenering og helst vere under tak. Desse krava finn du i Lov om dyrevelferd , Forskrift om velferd for hest og Retningslinjer til forskrift om velferd for hest.

Beitetilskot i produksjonstilskot

Føretak som oppfyller vilkåret om å disponere hestar i beiteperioden, etter forskrift om produksjons- og avløysartilskot § 3 fyrste ledd, kan ha rett til innmarksbeite- og utmarksbeitetilskot.  


For føretak som har hestar i pensjon i beitesesongen vil disponeringskravet vere oppfylt om det ligg føre ein skriftleg avtale og at føretaket disponerer innmarksbeitearealet. Spesialregelen gjeld berre for hestar i pensjon som beitar på innmark. Sjå også under menypunkt "Tilskot til hest".

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.