Ferdsel

Ferdsel med hest i inn- og utmark: Allemannsretten

Norsk natur innbyr til flotte opplevingar i samspel med hesten. Gjennom allemannsretten har vi i utgangspunktet lov til å ferdast fritt i naturen. Allemannsretten er noko meir avgrensa  for ryttarar enn når vi ferdast til fots. Hesten set spor i naturen. Mange stader er dette ein slitasje som naturen toler godt. I kommersielle samanhengar er det viktig å inngå avtalar med grunneigarar. Avtale er særleg viktig for rideskular og liknande, som regelmessig brukar vegar og stiar i utmark.

Den frie ferdselsretten, allemannsretten, er lovfesta i Friluftsloven. Reglane for bruk av hest på innmark og i utmark er ulike. I tillegg gjer lova forskjell på om du rir eller køyrer med hest. Aktsemdsregelen i Friluftslova vert også supplert med reglane i andre lover, til dømes forureiningslova sin § 28, som set forbod mot forsøpling og den generelle plikta om aktsemd i Naturmangfoldlova § 6.

 

Tilrettelegging i utmark

Mange landbrukseigedomar har tilgang til store utmarksområde. Desse skal forvaltast på ein god måte. Tilrettelegging for bruk av stiar og skogsvegar, jakthytter, koier og gapahukar vil vere viktig for å kunne tilby opplevingar med hest.

 

Bruk av andre sin grunn

Det er viktig å ha klare avtalar med grunneigarar om bruk av andre sitt grunn, og å vurdere om spesielle behov og omsyn bør innarbeidast i kommunen sine planar. " Garden som ressurs " er ein rettleiar til plan- og bygningslova om byggje- og anleggstiltak i tilknyting til landbruket. Den skal gje hjelp til rett og effektiv sakshandsaming av tiltak på landbrukseigedomar. Rettleiaren er utarbeida av Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Målgruppa er kommunale- og andre offentlege sakshandsamar og private tiltakshavarar.

 

Hesten i norsk reiseliv

Hesten har lange tradisjonar i norsk reiseliv. Eit kjent døme er utanlandske turistar som allereie på 1800-tallet vart frakta med hest og karjol for å oppleve vestlandsfjordar og isbrear. Internasjonalt er hesteturisme i vekst i fleire land, og Norge har også gode føresetnader for å vidareføre og utvikle attraktive opplevingar mellom anna knytt til utmark og fjellområde. I Landbruks- og matdepartementet sin reiselivsstrategi "Opplevingar for ein kvar smak" (2017) er hest trekt fram som ein ressurs for reiselivet.

Sjå God praksis-veileder for hesteturisme.