Slakt og avliving av hest

Slakt og avliving av hest


Hesten er etter offentleg regelverk eit matproduserande dyr. Dette inneber at det er detaljerte reglar som skal sikre at kvart individ kan sporast. Både helseforhold og medisinering skal registrerast i heile hesten si levetid. Les meir under meny punkt Oppstart og krav kring hestehald og «hestepass».


Ved slakting av hest er det lurt å kontakte det slakteriet du vil bruke, for å få avklart prosedyren. Det vert stilt krav om at hesten er i stand til å tole transporten til slakteriet. Dersom hesten får ein akutt skade som gjer det naudsynt å avlive hesten straks og den ikkje toler transport til slakteriet, kan ein nytte naudslaktordningar knytt til dei enkelte slakteria. Ved naudslakt av hest må krava til mattryggleik også verte oppfylt.

Dersom hesten ikkje kan gå til slakt på grunn av tidlegare medisinering, må hesten verte avliva og sendt til destruksjon. Eigne reglar gjeld for dette. Det krev kompetanse å avlive dyr. Praktiserande veterinær kan gjere dette. Du må også ha veterinær på plassen, som undersøkjer hesten før avliving dersom den skal naudslaktast som følgje av skade eller ulukke. Ein kan vende seg til Norsk protein  for informasjon om henting/handtering av kadaver etter avliving. Tilvising til offentlege reglar om slakt og avliving av hest finn du i Forskrift om identifikasjon av dyr av hestefamilien.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.