Tilrettelegging

Tilrettelegging


Å anleggje og planleggje ride- og køyrevegar

Kven ønskjer ein tilrettelagt veg? Er det hestefolk, grunneigarar, kommunen eller andre?  Skal det verte rideveg, ei kombinert løysing for både ride- og køyrehestar, eller andre kombinasjonar som inkluderer hest og andre køyrande eller gåande?

Det er viktig med tidleg kontakt (førehandskonferanse) med kommunen dersom du ønskjer å setje i gong med byggje- eller anleggstiltak, inkludert bygging av veg (planendringar, reguleringsplan, dispensasjonar eller andre løyve).


Planlegging av ridebane

Må du søkje om omdisponering

For areal som er dyrka, må du søkje om omdisponering dersom arealet skal brukast til andre føremål enn jordbruksproduksjon. Det er Jordlova som regulerer dette. Døme på dette er oppføring av bygg, planting av skog, anlegg av dammar eller uttak av jord, masse eller torv.

For areal som er dyrkbar må du søkje om omdisponering (§9 i jordlova) dersom tiltaket medfører at arealet ikkje kan brukast til matproduksjon i framtida. Til dømes treng du ikkje å søkje om omdisponering dersom du skal plante juletre eller andre tre på arealet, fordi arealet kan brukast til jordbruk i framtida. Ved oppføring av bygg eller andre store arealinngrep, kan ikkje arealet dyrkast opp til jordbruksareal i framtida. 


Ta kontakt med kommunen i forkant av tiltaket dersom du er i tvil om du treng å søkje om  omdisponering eller ikkje. 


Planlegging av ridehall/stall

Om du vil byggje stall eller ridehall må du setje deg inn i aktuelt regelverk. Dette gjeld mellom anna opparbeiding av tomt og byggjeløyve. Ta gjerne kontakt med kommunen tidleg, for å diskutere planane. Be om skriftleg liste over kva som må vere på plass for å få ein byggjesøknad godkjent.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.