Tilskot til hest

Tilskot til hest


Husdyrtilskot til hest 

Dersom du søkjer om produksjonstilskot, kan du søkje om 
tilskot
 til hest under 3 år og hest over 3 år som er i ditt eige eller som du har oppstalla og blir fôra og disponert av deg. Du kan òg søkje om tilskot til hest i pensjon i beite-sesongen, altså hestar som har beita på innmarka di om sommaren.  


Tilskot til hest på beite 

Du kan søkje om tilskot til hest på beite. I denne saman-hengen tyder beite både utmarksbeite, innmarksbeite og beite på dyrka areal. I Vestland er kravet om beitetid 12 veker. I denne perioden skal hestane ta opp mestedelen av grovfôrbehovet sitt frå beite. I tillegg til beite i 12 veker kan du søkje om tilskot til hest på utmarksbeite i minst 5 veker. Det føreset at dyra har teke opp hovuddelen av grovfôr-behovet sitt frå utmarksbeite i perioden.

Tilskot til bevaringsverdige hesterasar 

Hesterasane fjordhest, dølahest, nordlandshest/ lyngshest er rekna som bevaringsverdige. Du kan søkje om tilskot til unghestar under 3 år av desse rasane. Hestane må vere stambokført (rasegodkjent) og ha hestepass. 


Informasjon frå Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/aktuell-soknadsomgang 

 

Areal- og kulturlandskapstilskot 

Hestane du disponerer vil vere med på å fastsetje areal du har rett til tilskot for.