Klima smart

Kva er klimasmarte løysingar?


God agronomi skal alltid liggje i botnen for alt av matproduksjon. Samanhengen mellom enkelte faktorar skal forståast og gjerast til nytte,slik at det kostar minst mogleg å produsere, både med tanke på miljø, naturen sine ressursar og oppbygging av ein berekraftig økonomi. På denne sida samlar vi på døme som kan vere ein del av løysinga for at dette målet vert nådd med måten vi produsere maten vår.


Klimasmarte løysingar er eit overordna omgrep for dei tiltaka som utgjer ein skilnad, gjev eit ekstra bidrag for at målet om ein skånsam, lønnsam og trygg matproduksjon vert oppnådd.


Klimasmart landbruk: tilpassing av produksjonen til eit endra klima og minimering av klimaavtrykket.

Klimasmart Landbruk er eit felles prosjekt som eit samla landbruk står bak. For å identifisere ulike grep som kan redusere klimaavtrykket i norsk matproduksjon, har prosjektet ein jakt på 100 klimaløsninger for landbruket. 


Både energi og teknologi, husdyrhald, planter og jord og ikkje minst klimatilpassing som står i fokuset. 

Vi trur at mange av klimaløsningane i landbruket finn ein der ute allereie. At nytenkende norske bønder, forskarar og gründere allerede har metoder som kan takast i bruk av fleire. Difor har vi sett i gang ein landsomfattande jakt fram til oktober, seier prosjektleiar Tony Barman i Klimasmart Landbruk.


Sjekk ut om det ikkje er nokon du ikkje visste dei kunne vere relevante for ditt bruk! Meir om tiltaka kan du lesa her:



Støtte til klimarådgjeving

Treng du hjelp til å finne ut kva du kan gjera på garden din kan du få rådgjeving gjennom TINE og/ eller NLR.

Etter du har gjennomført tiltaket/ kjøpt inn teneste kan du få støtte frå Norges Bondelag og Gjensidiges Bærekraftfond inntil 4.000,-.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.