Bioenergiproduksjon

Bioenergi frå skogen


Fotosyntesen er naturen si geniale løysing på fangst og lagring av karbon. Gjennom denne prosessen bind norske skogar årleg om lag 29 millionar tonn CO2-ekvivalentar. 
Dette er over 50 % av Noreg sine samla utslepp av klimagassar.


Skog og skogbruk er difor ein viktig del av løysinga knytt til utslepp av klimagassar, og dermed og kva energikjelder me nyttar. I motsetning til fossil energi, vert bioenergi frå skogvirket rekna som fornybar sidan karbonet går tilbake i kretsløpet og vert bunde i ny veksande skog. Det er brei semje både nasjonalt og internasjonalt om at bruk av bioenergi skal aukast. Landbruket kan bidra ved å ta si eiga energikjelde i bruk, t.d. gjennom ved- eller flisfyrte gardsvarmeanlegg. 



Gardsvarmeanlegg 

På gardsnivå vil energitrongen basert på vassboren varme variera alt etter kva produksjon ein har på garden. Dei fleste vil ha trong for oppvarming av bygningar. Oppvarming av drikkevatn eller tilførsel av vassboren golvvarme vil kunne påverke produksjon og forbruk av fôr, t.d. innan  mjølkeproduksjon, gris/smågrisproduksjon. Kylling-produksjon og veksthusdrift er døme på produksjonar med stor varmetrong. Andre døme er tilleggsnæringar som servering/gardsturisme, gardsmeieri og tørkeanlegg for trelast.


Gardsvarmeprosjekt Vestland 

Prosjektet er finansiert av Innovasjon Norge og Vestland
fylkeskommune. Målsettinga er å styrke interessa og kunnskapen rundt bioenergi basert på skogvyrke og 
etableringav fleire gardsvarmeanlegg i fylket.

Eit av tiltaka er gardsbesøk og gjennomgang av konkrete løysingar på gardsnivå. Det vert utarbeida eit forslag som omhandlar forbruk av energi, teknisk løysing, investering i anlegg og  varmenett, trong for råstoff, drift og vedlikehald. Til slutt vert det laga ei økonomisk analyse, 
rekna ned til øre/kWh. Forslaget gjev eit vurderings-grunnlag, og kan nyttast som grunnlag dersom ein ynskjer å gå vidare med søknad om investeringsstøtte hjå Innovasjon Norge. Rådgjevinga er nøytral og har ingen bindingar med tanke på fabrikat og utstyrsleverandørar. 


Prosjektansvarleg har mål om å gje råd til 18 gardar. Ta gjerne kontakt med prosjektansvarleg dersom dette er interessant for garden din. Prosjektet held fram til 1.juni 2021. Kontaktinfo: Karl Ludvig Ådland, tlf 480 35 952, e-post

 

Støtteordningar 

Gjennom programmet «Verdiskapningsprogrammet for fornybar energi og teknologi i landbruket» kan Innovasjon Norge gi tilskot og lån. Programmet omhandlar ordningane:   


  • gardsvarmeanlegg (inkl. varmegjenvinning og solenergi),  
  • anlegg for salg av varme, 
  • veksthus (inkl. varmegjenvinning og solenergi) 
  • flislager og tørkeanlegg for brenselproduksjon for sal 
  • biogass-, biokull- og kraft/varmeanlegg. 

 

Døme og inspirasjon

Kvinnherad Bioenergi AS er eit  bondeeigd varmeselskap som sel varme frå eige flisfyringsanlegg til offentlege bygg i Rosendal (rådhus, skule, forsamlingshus). Bøndene 
har og investert i flisterminal og flishoggar. Dei foredlar 
lokalt skogvyrke heilt fram til ferdig fakturert kWh på målar hjå kunde.  

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.