Bygge i tre
Agders største trefjøs (Evje). Foto: stine.solbakken@atskog.no

Bygge i tre


Alle bygningar på ein gard påverkar i stor grad den totale klimarekneskapen og gjer produksjonen på garden og produkt derifrå meir eller mindre klimavennlege. Dette kan i framtida fort bli eit viktig kjøpsargument for den medvitne kunden. Samstundes er bonden alltid oppteken av å levere garden vidare til neste generasjon i betre stand enn før - slik har det vore gjennom heile landbrukshistoria. 


Før betong og stål overtok bygginga av t.d. fjøsbygg var tre, stein, brake og andre gardseigne ressursar dei føretrekte byggematerialane. Våre byggetradisjonar – skikk og estetikk – er tufta på bruk av tre. I vår tid får trevirke sin velfortente renessanse. Både klima, økonomi, byggeskikk,
velferd for gardsfolk og dyr kan vere argument for å satse på meir bruk av tre, gjerne i kombinasjon med andre 
materialar
, også betong. 


Aukande trend

Gardbrukarar ønskjer seg eit godt tilbod, enkle avtaler og ein føreseieleg byggeprosess. Over tid har det vore mangel på leverandørar av løysningar i tre, men dette er no i rask endring. Med meir kunnskap om trebygg sine unike eigenskapar og større insentiv for bruk av tre, aukar òg etterspurnaden etter gode løysningar.


Det er også mogleg at bygget som skal fornyast ikkje treng å bli rive. Klimamessig er det ofte den beste løysinga å bruke materialar om att eller bygge på det eksisterande bygget. Er bonden samstundes skogeigar kan òg bruk av trevirke frå eigen skog vere eit klokt val. 

«Donorbygg» er eit nytt ord, men forklaringa er enkel.  I framtida kan det vere aktuelt å bruke gamle materialar om att. Har du tenkt å rive ei låve, kan materialane kanskje brukast ein annan plass. Dette er framleis heilt i starten, men vi trur det vil opne seg ein marknadsplass for gjenbruk av byggematerialar i regionen etter kvart.


Støtteordningar

Innovasjon Norge støtter bruk av tre i landbruksbygg spesielt. Dette er omtalt her, men det er nok best å ta ein telefon til det regionale IN-kontoret, landbrukskontoret i din kommune og/eller “tredrivaren” hjå Fylkesmannen. I tenkeprosessen kan det vere nyttig med nokre gode råd. Sjølvsagt vil rådgivarane hjå Norsk landbruksrådgiving, Felleskjøpet eller Tine kunne hjelpe deg i prosjekteringsarbeidet. 


Rettleiing

Trefokus AS, Treteknisk og Innovasjon Norge laga i 2013 eit rettleiingshefte for landbruksbygg i tre. Ein ny versjon av dette heftet kjem i løpet av 2020. 


Det er eit aukande tal leverandørar av “trefjøs” med ulike konsept. Nokre få som kan nemnast her er Riska sagJatakWoodconFjøssytemer


Inspirasjon

For inspirasjon, sjå eit døme på nettsida www.tenktre.no 

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.