Digitale verktøy
Skjermcast klimatolken/ klimasmartlandbruk.no

Digitale verktøy


Kretsløpstolken

Betre utnytting av næringsstoffa reduserer utsleppa av klimagassar, samstundes som det gjev god økonomi for bonden. Norsk Landbruksrådgjeving Vest tilbyr eit nytt styringsverktøy til gardbrukar: Kretsløpstolken. 
 

Verktøyet viser korleis næringsstoffa best kan utnyttast. Dette gjev òg ein reduksjon i utslepp av klimagassar. 


Modellen ser på kor- og i kva form næringsstoffa kjem inn i drifta og ut av drifta. Dersom ein har tap i form av metan eller lystgass snakkar ein om klimagassar, men dersom ein har tap via nitrat har ei utvasking. Dette er avgjerande å vite før ein kan setje inn rette tiltak.   
 

Kretsløpstolken er først og fremst eit verktøy for å sjå på korleis bonden utnyttar fosfor og nitrogen i drifta. I tillegg blir det gjort berekningar for karbon gjennom eit estimat av CO2-utslepp knyta til produksjon og transport av innkjøpte innsatsfaktorar, slik som gjødsel og fôr, i tillegg til drivstoffbruk i grovfôrproduksjonen og endring i moldinnhald i jorda. 

  

Vil du få analysert næringsstoffkretsløpet på garden din kan du ta kontakt med Norsk lanbruksrådgjeving. 

 

Meir om klimasmart landbruk finn du på www.klimasmartlandbruk.no, som vert drive av Landbrukets klimaselskap SA. 



Klimakalkulator 

Landbrukets Klimaselskap SA lanserte 15.oktober «Klimakalkulatoren» for norske gardsbruk. Den gjev bonden oversikt over utslepp og kva som skal til for å redusere utslepp og binde karbon på gardsnivå. Målet er at så mange norske bønder som mogleg tek i bruk kalkulatoren. I første omgang kan den brukast for mjølk, korn og gris. Andre produksjonar kjem fortløpande til.  

Heile landbruksnæringa står bak klimakalkulatoren og den er eit lagarbeid. Dei som står bak har stort fagleg spenn med 17 eigarar frå både samvirke og det private.  

Klimarådgjevarane vil vere viktige for bonden når klimakalkulatoren skal takast i bruk. Norsk 
Landbruksrådgiving og TINE utdannar for tida eigne rådgjevarar. Skulering av rådgjevarar og utviklinga av kalkulatoren er dei mest offensive tiltaka næringa nokon gang har gjort i klimaarbeidet. 


Les meir om klimasmart landbruk og klimakalkulatoren her.


Ta kontakt med Norsk Landbruksrådgjeving eller Tine

for å få vite meir om framdrifta i arbeidet med klimakalkulatoren. 

App - PC - presisionslandbruk - optimalisering av drifta - god agronomi - god økonomi

Tine, Nortura, Fatland, NLR og andre tilbyr hjelp for å optimalisere drifta via blant anna digitale verktøy og råd-

gjeving. Spør rådgjevarane dine kva dei kan tilby.

 

God agronomi og beste produksjonstilpassing er dei fyrste, viktige trinna, som gjev stor effekt når det gjeld å minske utslepp og tap av næringsstoff. Samstundes ligg det eit ikkje uvesentleg økonomisk unytta potensiale når bonden ikkje driv heilt optimalt. 

 

Godt for klima, bra for bonden og samfunnet som etterspør klimavenleg produsert mat i stadig aukande grad. Sjekk ut om du har tap av næringsstoff og korleis du kan optimalisera drifta di.


Digitalisering av beitedrift

Digital sporing (radiobjøller) av beitedyr

Ved hjelp av GPS signal og mobilnett-teknologi kan du til ei kvar tid få informasjon om beiteaktivitet og utnytting av beiteressursane i utmark og fjellbeite. Samstundes vert tilsynsarbeidet mykje meir effektivt når du kan spore dyra døgnet rundt ved hjelp av mobiltelefon og nettbrett. Teknologien gjev òg informasjonsgrunnlag til å følgje med på helsetilstanden av kvar enkelt beitedyr, noko som bidreg til å auka dyrevelferda i utmarka.

Per i dag finst fleire tilbydarar av slik teknologi. Eit enkelt søk på Internett vil vise fleire radiobjølle-løysingar. Les meir på NSG sine sider.


Bruk av droner og sporingsutstyr på dyra vert òg meir og meir brukt. Norsk Landbruksrådgjeving tilbyr kurs i bruk av slike overvakingssystem.


Det er kommunane som forvaltar tilskot til tiltak i beiteområde. 



Virtuelt gjerde

Ved hjelp av ein klave som heng rundt halsen på beitedyr, t.d. ku, sau eller geit, kan du halde styr på kor dyra skal gå. Dette gjer du ved å teikne eit virtuelt gjerde via ein applikasjon i beiteområdet. GPS og mobilteknologi erstattar her det klassiske gjerdet. Ved både lyd og straumsignal frå klaven vert dyra haldne innanfor det virtuelle gjerdet. Dersom dyra nærmar seg det virtuelle gjerdet, vil den batteridrivne klaven gjere at dyra held seg innanfor eit område. Området kan du endre til ei kvar tid ved hjelp av t.d. nettbrett eller liknande utstyr. Dette sparer deg for tidkrevjande gjerdearbeid og større investeringar, og gjev høve til å utnytte beiteområda på ein meir effektiv måte.


I dag finn ein berre Nofence som leverandør for slik teknologi i verda.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.