Solenergi
Solceller på tak/ gård i Hardanger. Foto: https://www.solbaere.no

Solenergi 


Sola er den beste energikjelda vi har. Jorda mottek kvart år 15 000 gangar meir energifrå sola enn menneske 
bruker. Sola gjev ein energimengde frå 700 til over 2 200 kWh/kvm per år, avhengig av kvar du bur i verda.


Solenergi er ei gratis, miljø- og klimavennleg energikjelde. Også i Noreg, inkludert på Vestlandet, er det fornuftig å satse på denne energiforma. Vi må skilje mellom solceller (PV - photovoltaics) og solfangrar. Solceller gjer solstrålar til straum, mens solfangarar
forvandlar solstrålar til varme.
Les meir om 
solceller og solfangere på www.solenergi.no. 


Mange gardbrukarar tenkjer på moglegheitene for auka sjølvforsyning. Solcelleanlegg kan vere aktuelt og er som regel ein enkel installasjonsprosess, samt at driftskostnadane og behovet for vedlikehald er låge. Ein sørvendt installasjon på eit relativt stort låvetak gir ein årleg straumproduksjon i kilowattimar (kwt) på linje med  behovet på et mjølkebruk (60-100 000 kwt). 


Eigenbruk av straum er verdt vesentleg meir enn det ein kan få ved å levere straum på nettet. Ei vurdering av framtidig endring i straumbehov bør inngå i reknestykket. Det er mogleg at framtidig utstyr vil auka straumbehovet, eller at du planlegg drift og bruk av utstyr på ein annan måte. 


Kom i gang med solceller på 1-2-3 


  1. Sjekk om tak/vegg sør, vest og øst er utan skygge 
  2. Høyr med kommunen om solcelle på fjøstak eller andre eksisterande bygg på garden er søknadspliktig. 
  3. Kontakt Innovasjon Norge for å søkje om tilskot 
  4. Kontakt ein solcelleleverandør og be om tilbod for prosjektet 
  5. Leverandøren byggjer anlegget og du er i gang med drifta 

Gode argument i vurderingsprosessen 


  • Solcelleanlegg har ei lang levetid og investeringa vert betalt att innan si levetid. Dette gjev god dagleg avkastning. 
  • Driftskostnadane dine vert redusert frå dag 1 når 
    solcelleanlegg er i drift. 

  • Investeringa har lav risiko, lave driftskostnader og er 
    kortreist solcellestraum direkte frå ditt tak. 

  • Fornybar solstraum kan brukast i sal og marknadsføring av gardsprodukta dine



Meir informasjon:

 

Agropub.no – nettsiden for økologisk landbruk har skrive om bruk av solceller i landbruket


Norsk solenergiforening med nettportalen solenergi.no har samla generell informasjon, men også litt om tilskotsordningar


Innovasjon Norge skriv på nettsida si at “solanlegg, der energien benyttes på landbrukseiendommen”, kan få støtte frå “Verdiskapningsprogrammet for fornybar energi og teknologi i landbruket”


Om “Solceller i landbruket, muligheter og utfordringer” har Norsk senter for økologisk landbruk skrive om på nettsida si: Les meir her.  


Solseller på fjøstaket: foredrag (22minutter) frå Solbære (vestlandsbasert leverandør) på BEIT konferansen 2019.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.