Ulike materialar, ulike klimagassutslepp
All produksjon av byggeprodukt og -materialar fører til miljøpåverknad, men i ulik grad.
Grønn Byggallianse har laga materialguiden som beskriv miljøpåverknadane frå ein rekke produktgrupper.
Ved å leggje vanlege produksjonsmåtar for typiske byggjematerialar til grunn kan vi samanlikne utslepp knytt til dei ulike materialprodukta. Det har NIBIO gjort i rapporten “Lavutslippsmaterialer i bygg. Barrierer og muligheter” på oppdrag frå Klima- og Miljødepartementet i 2020.
Ulike materialar |
CO2 ekv/m³ |
Massivtre Splitkon 1000 cm3 |
70 kg CO2 ekv/m³ |
Limtre Moelven limtre 935 cm3 |
72 kg CO2 ekv/m³ |
Betong armert B30 M60 Lavkarbon B |
440 kg CO2 ekv/m³ |
Stål (13-20 % resirkulert) 3,5 cm3 |
2,62 kg CO2 ekv/kg |
Aluminium (ny alu.) 2,0 cm3 |
13,0 kg CO2 ekv/kg |
Tegl (holtegl) 200,0 cm3 |
220 kg CO2 ekv/tonn |
Konklusjon
Du får mange fleire kubikkmeter med ferdig bygg og vesentleg lågare klimagassutslepp når du brukar tre i større omfang.