Dei viktige spørsmåla
Ta ein realitetssjekk på garden sine og dine eigne ressursar. Kva kan eg få til? Kva er dei viktige spørsmåla ved nybygg eller rehabilitering av eksisterande bygg?
- Er kostnadene forsvarlege?
- Møter dette bygget framtidige krav om t.d. lausdrift?
- Oppfyller bygget I-mek-krav (Innandørsmekanisering)?
- Kan eg utføre arbeid sjølv under bygginga og seinare i driftsperioden?
- Løyser bygget framtidige energi- og teknologiutfordringar?
- Er materialane eigna for gjenbruk eller driftsendringar?