Presisjonslandbruk og optimalisering av drifta
Tine, Nortura, Fatland, NLR og andre tilbyr hjelp for å optimalisere drifta via blant anna digitale verktøy og rådgjeving. Spør rådgjevarane kva dei kan tilby.
God agronomi og beste produksjonstilpassing er dei fyrste, viktige trinna som gjev stor effekt når det gjeld å minske utslepp og tap av næringsstoff. Samstundes har dette og eit ikkje uvesentleg økonomisk potensiale for bonden som i dag ikkje driv heilt optimalt.
Godt for klima, bra for bonden og samfunnet som etterspør klimavenleg produsert mat i stadig aukande grad. Sjekk om du har tap av næringsstoff i produksjonen og korleis du kan optimalisera drifta di.