Kompetanse

Kompetanse


Skal du i gang med produksjon og sal av trygg og god mat til forbrukar må du vite kva du går til. Mange har eigen kompetanse og røynsle frå næringsmiddelindustri eller måltidsbransje, men her finst også gode kompetansemiljø og nettverk regionalt.

 

I tillegg til det produksjonstekniske treng du kompetanse på tema som forretningsplanlegging og -drift, design og marknadsføring, produktutforming, sal og distribusjon. Kanskje treng du ha forskjellige strategiar for forskjellige kundegrupper og kjennskap til marknadsledd på grossist- og detaljistnivå.

 

Førstelina for etablerarrettleiing er landbruks- og næringskontora i kommunane, eller er sett ut til lokale næringsselskap ol. Desse har også gjerne tilbod om etableraropplæring og forretningsplanlegging, gjerne i samarbeid med Vestland fylkeskommune. Fylkesmannen si landbruksavdeling og Innovasjon Noreg står også bak ein del mobiliseringskurs, og har eigne matansvarlege ressurspersonar som kan gje råd om framgangsmåte, kompetanse, søknadsprosessar osb.

Dei regionale kompetansenettverka tilbyr særskilt kompetanse og beslutningsstøtte til gards- og lokalmatprodusentar. Kompetansenettverket i Vest-Norge ved Sogn Jord- og Hagebruksskule arrangerer kurs og ei besøksordning med eigne mat- og forretningsfaglege matkontaktar, kjende og respekterte matfolk, til å følgje opp produsentane.

 

Matmerk står bak den nasjonale merkeordninga for matspesialitetar, og driv rettleiing i søkeprosessen. Dette er spesielt nyttig når ein vil oppskalere og nå ein nasjonal butikkmarknad. Dei driv også den nasjonale portalen www.lokalmat.no, som er ein møteplass mellom produsentar og innkjøparar. Her ligg også kurskalender for Matmerk, Innovasjon Norge mfl.

 

Landbruket sine eigne kursarrangørar og rettleiingsmiljø driv også relevant verksemd i kryssingspunktet mellom primærproduksjon og foredling, td. Norsk landbruks-rådgiving, TINE, Felleskjøpet og landbruks-skulane i Vestland. Sjå også www.landbrukskurs.no. 

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.