Salskanaler

Salskanalar


Som lokalmatprodusent vil ein gjerne treffe kundane i fleire kanalar, og ha ei viss spreiing i forskjellige segment; direkte til kunde frå gard eller plattform, via grossist/butikk, til restaurantmarknad mm. Det gir ei viss «heilgardering» der ein kan balansere kundekontakt og historieforteljing med volum og risiko.

 

Ved prøvesal og oppstart har ein mest behov for effektivt sal og for å etablere historia om seg sjølv og produkta sine. Då må ein gjerne treffe kundane personleg, og voluma er ikkje så store.

 

Skal ein etablere seg som større lokalmatprodusent må ein mest ha nokre større kundar/salskanalar, men dette kostar pengar og bitt ein seg opp for mykje aukar risikoen for å bli råka av prispress og forstyrringar i marknaden (som td. restaurantmarknaden under koronakrisa).

 

Ein interessant og tilgjengeleg ressurs for vurdering av marknader og segment i ein oppstarts- eller vekstfase kan vere «Veien til markedet» av Frode Kristensen (2019)


Det er ein avgjerande del av eitkvart forretningsplanarbeid å setje seg godt inn i kva salskanalar som finst, og vurdere dei mot kvarandre, etter marknadssegment, kostnad, nytte, arbeidsinnsats og risiko.


Det er ein avgjerande del av eitkvart forretningsplanarbeid å setje seg godt inn i kva salskanalar som finst, og vurdere dei mot kvarandre, etter marknadssegment, kostnad, nytte, arbeidsinnsats og risiko.


I ein oppstarts- og tidlegfase vil det gjerne vere direktesal og lokale marknader som er enklast og tryggast; nærbutikk, lokal marknadsføring og sal via sosiale medie og deltaking på lokale marknader og arrangment, REKO-ring osb.

Bondens Marknad og REKO-ringar andre stader og i byar er eit naturleg steg opp for å nå utover heimemarknaden og kanskje nå marknader med høgare betalingsvilje.

 


Direkte kanalar i Vestland er mellom anna:



…og fleire andre lokale marknadsdagar og festivalar

 

Den framste ressursen for lokalmat til profesjonelle innkjøparar finn du på www.lokalmat.no. Der finn du både oversikter og registerings- og koplingsmoglegheiter. Den vert driven av Matmerk.

 

 

Døme på regionale spesialgrossistar i Vestland:


 

Sjå også Kompetanse for aktørar som kan støtte i marknadsspørsmål.


Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.