Mjølkeproduksjon

Mjølkekvote


Alle som produserer mjølk må ha mjølkekvote, anten du leverer til meieri eller foredlar mjølka sjølv. Kvotesystemet vert regulert av Landbruksdirektoratet. Du må søkje om kvote for å starte opp med mjølkeproduksjon, eller gjere om vanleg kvote til foredlingskvote. Det er mogleg å kjøpe kvote anten frå staten eller frå ein 
annan bonde, begge gjennom omsetningsrunde med frist i oktober. Eig du grunnkvoten, 30.000 liter kumjølk, 
kan du i tillegg leige kvote hos private.


Viss du sel mjølk utan å ha kvote, eller utover den kvoten du har, må du betale ei overproduksjonsavgift per liter mjølk.

  

Kvart år vert det forhandla om eit forholdstal for mjølkekvotene. Det er faglaga (Bondelaget og Bonde og småbrukarlaget) og Tine som forhandlar med staten om meir eller mindre mjølkeproduksjon i forhold til kvotane. Denne forhandlinga vert gjort for å regulere produksjon av meieriprodukt i forhold til etterspurnad i marknaden. For 2020 er forholdstalet sett til 1,01 for kumjølk.


Les meir om mjølkekvotar, skjema og regelverk hos landbruksdirektoratet 

Alle som driv eit næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse.

Næringsretta dyrehald er hald av storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i ein verksemd som mottek produksjonstilskot og / eller har ei omsetting som overstig grensa for å vere merverdiavgiftspliktig. Alt hald av kameldyr omfattast av reglene for næringsretta dyrehald.


Du kan lese meir om kompetansebeviset på mattilsynet sine sider.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett. 

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”


Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876