Merking av dyr
I 2020 er det kome nye merkereglar. Kalvane skal merkast med eit elektronisk øyremerke i det eine øyret og eit visuelt merke i det andre øyret. Dette skal gjerast seinast 20 dagar etter kalving, og alltid før det vert overført til eit anna dyrehald.
Når eit dyr skiftar eigar skal begge øyremerka følgje dyret, med den opphavelege identifikasjonskoden. Det er ikkje nødvendig med ekstra merking, men det er viktig at den nye eigaren omregistrerer dyret i husdyrregisteret til Mattilsynet.