Økologisk sauehald
Den største skilnaden mellom økologisk og konvensjonelle sauehald er knytt til dyrking av grovfôr og til bygningskrav. I tillegg er det krav knytt til fôring, sjukdomsførebygging og parasitthandtering. Det er Debio som fastset og handterer reglar for økologisk drift i Noreg.
Målet i ei økologisk driftsform er at sauehaldet, i størst mogeleg grad, skal klare seg med garden sine eigne lokale og fornybare ressursar. Kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel vert ikkje brukt. God dyrevelferd og vekt på førebyggjande helsearbeid er vesentleg.